Skule- og helsepolitikk, næringsutvikling, statlege utflyttingar og kompetanseklynger på dagsorden

Foto: Jo Straube

Tysdag 29. og onsdag 30.mai besøker parlamentarisk leiar Terje Breivik, helsepolitisk talsmann Carl-Erik Grimstad og generalsekretær Marit Meyer Nordfjord og Sogn. I løpet av dei to dagane skal Venstre-toppane til Eid, Stryn, Sogndal og Leikanger. Her møter dei grunderar og bedriftseigarar, skuleelevar, lærarar, tilsette og leiing i helseinstitusjonar, forskingsmiljø og representantar for ulike statlege verksemder. Det vert også ope medlemsmøte, tysdag kveld i Eid. Alle interesserte er velkomne.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

-Eit gjennomgåande tema for besøket i Sogn og Fjordane er statleg utflyttingspolitikk, statlege kompetansemiljø og offentlege omstillingsprosessar sett frå Sogn og Fjordane, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Venstre, Jan Henrik Nygård. – Som samarbeidsparti fekk Venstre gode gjennomslag for statlege utflyttingar, bl.a med flytting av Fredskorpset til Førde. Partiet har også fronta regionreformen som ei reform for oppgåveflytting og maktoverføring frå staten til folkevalde regionar. Når Venstre no har gått inn i regjeringa har vi tydelege forventningar til ein heilskapleg statleg lokaliseringspolitikk, og til spreiing av statleg og fylkeskommunal oppgåveløysing også utanfor dei store byane, seier Nygård. Fylkesleiaren, som også er varaordførar i Flora kommune, meiner det både er viktig og nødvendig å minne storting og regjering på det store verdiskapingspotensialet i Sogn og Fjordane, og at statleg lokaliseringspolitikk både er god samfunnsøkonomi og ein sentral del av det å bygge sterke bu- og arbeidsregionar i heile fylket.

Saman med lokallaga i Eid, Stryn og nye Sogndal kommune er Sogn og Fjordane Venstre vertskap for det 2-dagar lange besøket, som har følgjande rammeprogram:

29.mai på Eid

Bedriftsbesøk, Lefdal Mine Data Centre og Sødermann AS
Omvising og orientering på Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter
Besøk på Eid vgs og orientering om elektro- og automasjonsmiljøet på Eid
Besøk til Nordfjord jordskifterett

Ope medlemsmøte på kveldstid

30.mai i Stryn

Besøk på Stryn vgs og orientering om landsdellina for skiskyting

30.mai i Sogndal og Leikanger

Vestlandsforsking orienterer om planar for nasjonalt senter for klimatilpassing

Møte med representantar for statlege verksemder lokaliserte i Leikanger, og Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kaupus AS orienterer om status for prosjektet Vitensenteret i Sogn og Fjordane

 

 

 

 

 

 

 

Meir om detaljane i programmet hjå følgjande kontaktpersonar:
Eid: Ordførar Alfred Bjørlo, tlf. 48082652, Svein Rotevatn, tlf. 97189046
Stryn: Varaordførar Torstein Tvinnerheim, tlf. 91713422
Nye Sogndal: Varaordførar i Leikanger Trude Risnes, tlf. 48168287

Fylkesleiar i Venstre, Jan Henrik Nygård, tlf. 48013161

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**