Etter ein vellukka «Heile Noreg ryddar-dag» inviterer Leikanger Venstre til ny aksjon for plast- og bosfrie strender, vegar og grøntområde!
Laurdag 5.mai frå kl. 15 ryddar og «ploggar» medlemmer i Leikanger Venstre område ved Hanahaug og Strandavegen, i Leikanger. Fridykkarklubben bidreg også i aksjonen. Klubben stiller med båt og ryddar langs stranda, der det er vanskeleg å komme til frå land.
Bli gjerne med i ryddinga! Vi stiller med bossekker og tek hand om det innsamla bosset. Ta gjerne med arbeidshanskar!
Aksjonen er del av Hald Noreg Reint-aksjonen i strandryddeveka.