Plastfritt!

Foto: pixabay.com

Kampen mot plasten og forureininga av fjordar og havområde er eit av våre største miljøproblem. Ingen kan lenger seie at vi ikkje veit kva konsekvensar plast på avvege har for naturen, og for dyre- og fuglelivet.

Venstre har leia an i kampen mot forureininga av hav og fjordar. Vi sikra pengar til tiltak i 2015 og har mangedobla støtta dei seinare åra.

Ein del av desse midlane går til å støtte den store innsatsen blant frivillige. Dei færraste av oss kan gjere dei verkeleg store tiltaka, men vi kan alle gjere vårt. Vi vil ikkje ha verken plast-holmar, plaststrender, eller ein fjordbotn full av avfall!

Vi kan alle ta eit steg i grønare retning, mot ein plastfri kommune. Lat oss ha det som eit tydeleg mål. Dit skal vi! Venstre i nye Sogndal vil bl.a difor:

  • Invitere til felles dugnad for plastfrie fjordområde og søppelfrie bygder
  • Markere strandryddedagen 5.mai og støtte opp om lokale rydde-aksjonar
  • Oppmode innbyggjarar og handelsstanden til heliumsballong-frie kommunar, i kvardag og fest
  • Be kommunestyret og fellesnemnda om å ta opp spørsmål om sal og utdeling av heliumsballongar, i samband med behandling av politivedtekter
  • Utfordre butikkar og forbrukarar til å byte ut plastposar med plastfrie og gjenbrukbare handlenett
  • Ta initiativ til at sak om «plastfri kommune» blir teken opp som del av arbeidet med ein klima- og miljøstrategi for nye Sogndal kommune

Nye Sogndal Venstre
Are Kvistad (Sogndal), Jon Asbjørn Målsnes (Balestrand, Marit Mellingen (Leikanger)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**