Venstre i nye Sogndal kommune startar arbeidet med partiprogram for kommunevalet 2019. Vi inviterer til ope møte med tittelen: «Kva er god klima- og miljøpolitikk for Sogn?» Klima, naturvern, friluftsliv og reiseliv: Korleis balanserer vi dette lokalt?
Vi inviterer til open og brei diskusjon om klima- og miljøpolitikken i nye Sogndal kommune, og i Sogn. Bli med å forme lokalpolitikken dei komande fire åra!
Oppspark frå Atle Hamar, statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Marino Ask, styreleiar i Sogn og Fjordane Turlag, Maria C. Knagenhjelm, nasjonalparkforvaltar Jostedalsbreen nasjonalpark.
Tysdag 24.april kl. 18.30 på Sogndal bibliotek.
Arr. Venstre i nye Sogndal kommune