Fekk konkrete innspel på ope miljø-møte.
-Det er ikkje Parisavtalen og 2-gradersmålet folk tenker på kvar dag. Lokal klima- og miljøpolitikk må handle om kvardagen til folk, sa Atle Hamar, statssekretær for Venstre, under ope møte om lokal klima- og miljøpolitikk.
Hamar var innom fleire aktuelle saker som departementet no jobbar med, og som er viktige for Sogn. – Når den heil-elektriske passasjerbåten Future of the Fjords i desse dagar er på veg inn i turistfart på Nærøyfjorden, så er det eit paradoks at verdsarvfjorden samstundes skal tole rekkjer av forureinande cruiseskip og gamle fartøy i turistfart, seier Hamar. Statssekretæren er klar på at alle vil vere tente med ei cruise- og transportnæring som tek sin del av ansvaret for det grøne skiftet.
Marino Ask, leiar DNT Sogn og Fjordane, deltok også i møtet. Ask ga fleire konkrete innspel til god miljøpolitikk for Sogn og for nye Sogndal kommune. – Her i fylket og i regionen forvaltar vi store naturverdiar, som også er svært viktige rekreasjons- og opplevingsområde for oss som bur her og for besøkande. Desse områda, saman med nærnatur-områda våre, må vi ha både ein nasjonal, regional og lokal politikk for, sa Ask. Han viste til fjordsti, opparbeiding av turstiar og parkområde som gode tiltak, og ga samstundes tydeleg melding om at den vidare utviklinga i Hodlekve må ta omsyn til at området også framover skal vere den gode møtestaden og læringsarenaen for innbyggjarane i kommunen.
Nasjonalparkforvaltar i Jostedalsbreen nasjonalpark, Maria Collet Knagenhjelm, deltok også i debatten. -Friluftsliv og naturopplevingar er ei sterk attraksjonskraft, både for langvegsfarande og lokale. Men den auken vi har hatt dei siste åra, og står overfor framover, er vi ikkje godt nok rigga for, sa Knagenhjelm. Ho viste til behov for betre infrastruktur knytt til nasjonalparken, og for ei styrkt forvaltning. – Nasjonalparken er ein svært viktig læringsarena, det er her praktisk tala her breane smeltar under føtene våre. Her kan vi gje folk reellt ei forståing av kva som skjer. Dette arbeidet bør styrkast, og det er behov for meir ressursar for å ta imot den sterke auken besøkande. Her må også staten bidra meir, meinte Knagenhjelm.
-Her var det mykje gode oppspark og diskusjonar, vi har fått konkrete innspel som vi tek med oss vidare, både til programarbeid og det politiske arbeidet vårt i fellesnemnd og kommunestyrer, seier Trude Risnes i Leikanger Venstre. Og det kjem fleire møter, med ulike tema og vinklingar. -Ein inspirerande måte å jobbe på, som vi skal gjere meir av, seier Risnes.