REFERAT FRÅ STYREMØTE I TIME VENSTRE

TIME VENSTRE

 

MÅNDAG 16 . APRIL 2018 KL 1900 – 1945

 

 

I KANTINA I KJELLAREN PÅ RÅDHUSET

 

 

DESSE MØTTE:

 

Unni Fuglestad, Bjarte Solheim, Gjert Bjerkevoll og Knut Norddal.

 

 

SAKER:

1. GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE.

 

Ingen hadde merknad til innkalling og sakliste.

 

 

2. ROGALAND VENSTRE SIN MILJØPRIS FOR 2018.

 

Time Venstre vil føreslå at NRK- Rogaland får Rogaland Venstre sin miljøpris for 2018.

NRK- Rogaland får prisen for å ha tatt initiativ til:

 

HEILE ROGALAND RYDDAR.

 

Gjert melder tilbake til Rogaland Venstre om framlegget frå Time Venstre.

 

Aksjonsdag våren 21018 er TORSDAG 3. MAI. Time Venstre vert med .

Vi skal dela ut posar til dei som er med og ryddar.

 

 

3. VENSTRESKULEN DEL II / LOKALPOLITISK NETTVERK

 

Dette finn stad på Sola 4. til 6. mai. Gjert vert med på delar av opplegget.

 

 

 

 

4. PROGRAMKOMITE FOR FYLKESVALPROGRAM.

 

Styret i Time Venstre har ingen aktuelle innspel til kandidatar frå Time Venstre til å vera med i programkomite for fylkestingsvalprogram.

 

Time Venstre set pris på at lokallaga får utkast til fylkesvalprogram til drøfting og høve til å koma med innspel før det vert handsama og godkjent på fylkesårsmøte.

 

————————————

 

ANNA:

 

Time Venstre har no 20 betalande medlemmar.

 

Per 16.04 har Time Venstre kr 51 965,- på konto i Jæren Sparebank.

 

Gjert og Unni har ansvar for å godkjenna partiopplysningar i partiportalen slik at Time Venstre får utbetalt offentleg partistøtte.

 

Gruppemøte der vi drøfta:

Skulebruksplan; representantrar frå Hognestad kom og argumenterte for kvifor det var viktig å ta vare på skulen på Hognestad.
Sams PPT for Time og Klepp; drøfta saka saman med representantar frå Klepp Venstre.

Gunn Kristin Sperrevik, [email protected], dysleksiorganisasjon, argumenterte for kor viktig det var å ha logopedikompetanse i kommunane

 

Mia og Bjarte refererte frå landsmøtet som dei hadde vore på

 

N.B.Møtet slutt om lag kl 2115.

 

 

Kvernaland, den 18. april 2018

 

 

 

Knut Norddal

Sekretær / referent

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**