– Telemark Venstre har fått gjennomslag for ei rekkje viktige saker på Venstres landsmøte i helga. Me har fått på plass ein sterkare og meir offensiv distriktspolitikk. Det er ekstra viktig no når Venstre har blitt regjeringsparti, seier fylkesleiar Torgeir Fossli
Fossli har leia Telemark-delegasjonen. Venstres landsmøte har vedteke politikk på fleire område som er viktige for Venstre: Skule, kultur, miljø og klima, inkludering og sosialpolitikk. Landsmøtet vedtok også ei eiga fråsegn om distrikts- og regionalpolitikk: https://www.venstre.no/artikkel/2018/04/15/loft-for-heile-landet/
Fossli trekkjer fram følgjande andre saker som særleg viktige gjennomslag for Telemark Venstre på landsmøtet:
– Nasjonal Transportplans vedtak om høgfartsbanar må fylgjes opp.
– Ja til utjamning av nettleige
– Vidare trykk på utflytting av statlege arbeidsplassar
– Styrking av senter-satsing også i distrikta
– Merkur-ordninga skal halde fram (for å sikre butikkar i distrikta)
– Me seier nei til legalisering av narkotika
– Evaluere konsolideringsordninga for musea og finansieringa av undermusea i Norge.
– Ha ei opptrapping av arbeidet med den immaterielle kulturarven
– Etablere forbod mot norsk produksjon og bruk av mikroplast i kosmetikk og kroppspleieprodukt.
Fossli ser òg fram til eit godt samarbeid med Vestfold framover der me saman skal arbeide for det grøne skiftet i regionen vår. Stemninga i båe delegasjonane var høg!
Heile fråsegna om distrikts- og regionalpolitikk kan lesast her
Andre vedtekne fråsegner finn du her
Kontaktinformasjon:
Torgeir Fossli, leiar i Telemark Venstre, mobiltlf 960 88 515.