Uttalelse fra Venstres landsmøte på Jessheim 2018
Store deler av kulturen går føre seg i kommunane. Kvardagskulturen er limet som bind oss saman, ein infrastruktur for livsmeistring. Men den kommunale innsatsen til det kulturelle grunnfjellet er låg, og han varierer mellom kommunane. Difor er den viktigaste kulturpolitiske innsatsen lokal, gjennom eit kulturløft i kommunane. Venstre bør vurdere ei statleg forsterkingsordning – ein stimuli til kommunar som satsar på kultur og friviljugskap.
Bibliotek
I eit digitalt og mangfaldig samfunn spelar biblioteka ei stadig viktigare rolle som møteplass og kunnskapsarena, på tvers av generasjonar og befolkningsgrupper i lokalsamfunna våre. Fleire stader i landet tek biblioteka ei aktiv rolle i lokalsamfunna, der ein får til godt samspel med den friviljuge sektoren, og på den måten vert ein motor i kulturliv og integreringsarbeid. Óg i folkehelsesamanheng spelar biblioteka ei viktig rolle gjennom å førebyggje einsemd, og å vere ein lågterskel-møteplass. Vi vil difor jobbe for at regjeringa aktivt styrkar folkebiblioteka si rolle i det varsla inkluderingsløftet, og stimulerer til at nye modellar for drift, som døgnåpne bibliotek eller ungdomsbibliotek, kan tilpassast lokale behov og moglegheiter. Venstre ønskjer å videreføre og revidere innkjøpsordningane for litteratur med sikte på blant anna auka tilgjengeleggjering og inkludering av digitale plattformer. Venstre vil óg føre vidare fastprisordninga for bøker, men vurdere korleis konkurransen i bokmarkedet kan betrast.
Desentralisering
Venstre ønskjer omfordeling av kulturmakt, og ein desentralisering av statlege oppgåver til dei nye regionane utan at dette går utover viktige nasjonale fagmiljø. Fleire har uttrykt bekymring for at regionane vil prioritere kulturen ulikt om eit statleg forvaltningsnivå vert svekka. Kulturpolitikken er i liten grad regulert gjennom lov. I dag finst biblioteklov og kulturskulelov. Og ei kulturlov, som sikrar lite, om noko som helst. Ei desentralisering av kulturmakta vil difor fordre ei styrka lovfesting av kulturen.
Samtidig er det viktig at ei desentralisering av kulturpolitikken ikkje må føre til ei svekking av det nasjonale mandatet som ei rekkje viktige kulturinstitusjonar har rundt om i landet. Venstre ønskjer difor ikkje at institusjonar som i dag har eit nasjonalt mandat, overførast til fylkeskommunane.
Kunstnarar
Kunstnarar skapar meir enn kultur. Over heile landet byggjer arrangørar og kunstnarar merkevarer som set Norge på kartet og som skapar store verdiar, ofte i samspel med friviljugskapen. Kulturgründarar må stimulerast med enklare regelverk og færre krav til rapportering, og det må leggjast betre til rette for utvikling av kulturverksemder. Kunst- og kulturinstitusjoner må sikrast gode rammevilkår, og det må leggjast til rette for fleire møteplassar og for kulturverksemd og friviljuge aktørar på kulturfeltet. Venstre vil styrka kunstnarøkonomien og leggje til rette for nettverk og organisasjoner for kunstnarar. I tillegg er det avgjerande at norske kulturarbeiderarar og frilansarar sikrast betre sosiale rettar enn dei har i dag.
Filmmeldinga «En framtidsrettet filmpolitikk» (2014-2015) seier at det er vesentleg for regjeringa at filmpolitikken bidreg til å styrke filmmiljøa i regionane. Berre 10 prosent av det nasjonale tilskotet til filmområdet vert kanalisert til regionale senter og fond. Venstre vil sjå etter moglegheiter for å auke denne delen, anten ved større overføring direkte til sentra og fonda, eller via regionale eigarar. Slik kan vi vere med å utvikle filmbransjen i heile landet.
Noreg ratifiserte i 2007 Unesco-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven. Ratifiseringa stiller krav om at Noreg skal sikre arven for framtida, og at det vert etablert ein politikk for korleis dette skal gjerast. Sidan 2007 er få tiltak sette i verk. Venstre bør vurdere ei opptrapping av arbeidet med den immaterielle kulturarven i åra som kjem.
Mediene sine etablerte forretningsmodellar er under press. Venstre meiner at offentlege verkemidlar må rettast mot omstilling og prioriterte nyetableringar og innovasjon. Den komande kulturmeldinga må gje signal om eit langsiktig program for sikring av freda og verna kyrkjer, og andre, verneverdige bygg.
Teiknspråk
Venstre meiner teiknspråk er eit minoritetsspråk sjølv om det ikkje er anerkjent i den europeiske minoritetsspråkpakta, og difor vil Venstre arbeide for at europeiske teiknspråk vert innlemma i Minoritetsspråkpakta. Vi har eit ansvar for å bidra til eit felles løft av teiknspråkets status i landet, så vel som utanfor våre landegrenser.
Språklov
I regjeringsplattforma per januar 2018 skal det leggjast fram ei ny språklov. Venstre meiner at språklova ikkje skal vere tufta på om menneske har behov for eit bestemt språk eller minoritetsspråk, men heller at språklova skal sikre mennesker rett til å lære, snakke og kommunisere på eit språk de kan mestre fullt og heilt. Behovsomgrepet gjer at det vert utydeleg korleis dette behovet skal målast og vurderast. Det eksisterer i dag ingen god måte å vurdere dette på, og slik sett vert det fort opp til fagfolk utan tilstrekkeleg kompetanse i teiknspråk til å vurdere behovet, noko som er svært uheldig for borna.
Venstre vil:
- Styrke den kommunale innsatsen ved eit kulturløft i kommunane.
- Ha ei omfordeling av kulturmakt, og ein desentralisering av statlege oppgåver til dei nye regionane, forutsatt at dette ikkje går utover viktige nasjonale fagmiljø.
- Ha ei opptrapping av arbeidet med den immaterielle kulturarven.
- Styrke og auke tilskota til dei regionale filmsentra og fonda.
- Forenkle regelverk og stille færre krav til rapportering for kulturarbeidarar og friviljuge aktørar på kulturfeltet.
- Styrkje kulturprodusentar og aktørar som etablerer verksemder, og bidreg til å løfta kunst og kultur nasjonalt og internasjonalt.
- Satse på folke- og skolebiblioteka, blant anna gjennom å styrke arbeidet med digitale plattformer og nye modellar for drift av bibliotek
- Vidareutvikle kulturskulen til å gje tilbod innan heile kultursektoren, inkludert tilbod for menneske med tilretteleggingsbehov, og styrke ordninger med kulturstipend.
- At Noreg arbeider for at europeiske teiknspråk vert innlemma i Minoritetsspråkpakta.
- Ha ei språklov som er tydeleg og solid på den måten at den forhindrar ei for dårleg tilgang til menneskets rett til å lære, snakke og kommunisere på eit språk de kan meistre fullt og heilt i et godt språkmiljø, med særskilt omsyn til minoritetsspråk.
- Få på plass eit langsiktig program for sikring av freda og verna kyrkjer, og andre verneverdige bygg.
- Jobbe for at offentlege støtteordningar til mediebransjen rettast mot omstilling og prioriterer nyetableringar og innovasjon.
- Stimulere kultur- og reiselivsnæringa i distrikta for kunst-, natur- og historieformidling av vår rike kulturarv.
- Styrke den digitale formidlinga og stimulere regionale kulturinstitusjonar til å utvikle brukarretta kulturtenester.
- Utvikle og forsterke kulturarenaer som inkluderingsarenaer.
- Satse på betre moglegheiter for samspel mellom profesjonelle og friviljuge kulturaktørar.
- Evaluere konsolideringsordninga for musea og finansieringa av undermusea i Norge.
- Jobbe for at den komande Kulturmeldinga sikrar den nasjonale statusen og det statlege forvaltningsansvaret av dagens sentrale nasjonale kulturinstitusjonar, uansett kvar dei ligg.