Nye Voss Venstre er stifta


Måndag 18. mars var Voss og Granvin Venstre samla i Granvin til nedlegging av noverande partilag – og stifting av eit nytt Voss Venstre! 11 frå Voss og 4 frå Granvin var tilstades.

Samanslåinga har sjølvsagt samanheng med samanslåinga av Granvin herad og Voss kommune. Det har vore full semje om at Venstrelaga skulle gå saman, og i god tid før arbeidet med program og liste til kommuneval må gjerast. Alle vedtaka i møtet 18. mars var samrøystes.

Det nye styret er: Ingebjørg Winjum, leiar (1 år), Atle Seim (2 år), Frédéric Larsen (2 år), Katrina Øvsthus Stavenes (2 år) , Torstein Gunnarson (1 år), Jens Håkon Birkeland, Voss Unge Venstre Vara: Leif Helge Vevatne, Elin Seim, Knut Olav Røsland Nestås(Bilde)

Representantane i kommunestyra i Voss og Granvin vil til vanleg halda fram kvar for seg med med arbeidet i heradstyre og utval.

Laget ser også framover til valet neste år. Programnemnd vart vald: Elin Seim, Tore Holven, Jens Håkon Birkeland og Leif Helge Vevatne, mens det nye styret skal peika ut nominasjonsnemnda.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**