Innspel til statsbudsjettet 2019

Foto: COK

Styret i Sogn og Fjordane Venstre har spelt inn kva som er våre viktigaste prioriteringar inn mot regjeringa sitt budsjett for 2019:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Innleiingsvis minner vi om betydninga av gjennomslag for saker med stor regional eigarskap/betydning, i eit budsjettår som skal hjelpe lokal- og fylkeslaga til å mobilisere for listestilling i flest mogeleg lokallag, og gjere eit godt kommune- og fylkestingsval for Venstre. Vi utfordrar difor stortingsgruppa gjennom å føreslå 2 spesifikke saker, jmf. invitasjonen, men i tillegg også peike på konkrete saker vi meiner vil styrke Venstres profil og truverde som eit parti for distrikt og regionar over heile landet.

 

  1. Spesifikke saker for Sogn og Fjordane
  • Utdjuping av Florø Hamn
  • Vik fengsel i Vik

 

 

  1. Saker med brei regionalpolitisk betydning, og særleg viktig for nyskaping i Sogn og Fjordane
  • Stad skipstunnel.
  • Gjennomføre pilotprosjekt med bruk av Hydrogen som energibærer for hurtigbåt.
  • Opptrapping av fibermidler.
  • Regionale utviklingsmidler
  • Utjamning av nettleige, jmf. partiprogrammet

 

  1. Generelle saker
  • Utjamning av nettleige.

 

  1. Andre innspel – verbalformuleringar

 

Om satsing på berekraftig tettstadutvikling også i småbyar – forslag:
«Regjeringen legger til grunn at også byer/tettsteder med mellom 2.500 og 5.000 innbyggere kan få sykkelby-status og få tilgang til statlige gang- og sykkelsatsinger på linje med det byer/tettsteder over 5.000 innbyggere har i dag.»

 

Om pilotprosjekt knytt til utgreiing av ferjeavløysingsmodellar – forslag:
«Regjeringa viser til at Stortinget i handsaminga av NTP 2018-2029 ba Regjeringa legge til rette for å realisere fleire ferjeavløysingsprosjekt gjennom å legge til rette for pilotprosjekt og FoU-kontrakter som kan gi reduserte kostnader og kortare byggetid for nye bruer. Regjeringa vil ta initiativ til å starte opp eit slikt utgreiingsarbeid i 2019, med brukryssing Lote-Anda på E39 som ein mulig pilot, gitt fullfinansiering gjennom ferjeavløysingsmidlar og brukarbetaling/lokale bidrag.»

 

Om etablering av Vitensenter Sogn og Fjordane:

I statsbudsjett 2018 blei posten til Vitensentra styrka, etter forslag frå Venstre. Under komite-behandlinga føreslo Venstre også følgjande merknad, som fekk tilslutning frå dei andre partia i komiteen:

Komiteen viser til at programstyret for Vitensentrene underlagt Forskningsrådet har pekt på Vitensentrenes rolle i de ulike regionene og hvor man blant annet vurderer nye etableringer i Sogn og Fjordane, samt Nordland, for å dekke hele landet på en god måte.

 

Planlegginga av Vitensenter i Sogn og Fjordane går framover. Eit styre til å førebu siste fase er på plass, og det blir i desse dagar lyst etter prosjektleiar. Målet er etablering frå 2020. Venstre i Sogn og Fjordane ber difor om at dei positive signala om statleg medfinansiering blir stadfesta i verbalformulering også i budsjett 2019:


Regjeringa er kjend med at det er under planlegging eit Vitensenter i Sogn og Fjordane, og signaliserer støtte til statleg medfinansiering frå og med første driftsår 2020, i tråd med rammer og vilkår for programstyret/Vitensenterprogrammet.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**