Trass i ei auka nasjonal satsing på miljøvenleg transport dei siste åra, har ikkje distriktskommunar som Luster blitt prioritert i statleg satsing på gang- og sykkelvegar.
Luster Venstre meiner også det må bli ei auka statleg satsing på lade-infrastruktur for el-bilar i distrikta, slik at vi får bygd ut fleire hurtigladestasjonar i distriktskommunar som Luster. Me vil også peike på at Luster med mange turistattraksjonar og landets høgstliggjane turistveg over Sognefjellet, er ei naturleg plassering for ein hydrogen-fyllestasjon. Hydrogen-bilar kan i nær framtid bli eit fullgodt alternativ til bensin- og dieselbilar også i distrikta, med køyrelengde og kapasitet minst på høgde med dagens fossile køyretøy.
Luster Venstre er også svært positive til ei samla nasjonal satsing på landstraum i norske hamner. Me ønskjer at cruisekaiane i Sogn raskast råd blir tilrettelagt for landstraum som del av ei slik nasjonal satsing med statleg finansiering.