Attval i Luster Venstre

Ordførarkandidat Jon Ove Lomheim, Foto: Sfj Venstre

Steinar Bruheim og Tordis Skjerdal Rauboti vart attvalt på Luster Venstre sitt årsmøte 2018. Jon Ove Lomheim var ikkje på val som styremedlem, men attvalt som leiar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**


Årsmøtet hadde god gjennomgang av fylkesleiar Gunhild Berge Stang som frå skepsis til regjeringsforhandling forklarte positive gjennomslag på tema klima, sosial og velferd, kultur og landbruk som er viktig for Vestlandet. Diverre må Venstre som lite parti også svelja nokre «kamelar», men det er i saker H/FrP likevel har fleirtalsstøtte for i Stortinget.


Årsmøte gjorde vedtak om fråsegner til «
grøn transport i distrikta” og “statlege arbeidsplassar” i tillegg til gode drøftingar på lokale saker (Sogn barnevern med fleire).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**