Løft for regionane og distrikta

- No får norske bønder moglegheit til å selja eigenprodusert sider fra garden. Det er god distriktspolitikk, og god næringspolitikk, seier Terje Breivik, Foto: Astrid Larsen

Eit taktskifte innan grøn omstilling og satsing på innovasjon, gründerar, små og mellomstore bedrifter er viktig for regionane og distrikta. Den nye regjeringa vil også bygge og vedlikehalde vegar gjennom ein rekordstor Nasjonal Transportplan og sikrar at det framleis blir bygd ut breiband og fiber over heile landet. Vi har òg tru på regjeringa sine reformer for å flytte meir makt og mynde til dei folkevalde i fylka og kommunane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Venstre vil at det blir innført ei ordning der tilsette i staten skal ha rett til å ta med seg arbeidsplassen om dei flyttar. Vi meiner dette vil slå positivt ut for folketalsutviklinga, spesielt i distrikta. Vi treng ein variert og allsidig arbeidsmarknad i heile landet! Ei slik ordning vil kunne styrke lokale arbeidsmarknader og bidra til næringsutvikling. Ordninga vil vere moderne og skape meir fleksibilitet for den enkelte arbeidstakar, den vil også på sikt spreie dei statlege arbeidsplassane betre enn i dag.

 

Venstre er ein pådrivar for at nettleiga som forbrukarane betaler til kraftselskapa vert utjamna over heile landet. I kraftkommunane blir mykje av energien skapt, det er i slike område kraftlinjene vert bygde og dimensjonerte for å klare å transportere den lokalt produserte energien til innbyggjarane og næringsliv andre stader i landet skal få nytte av den. Det er innbyggarane og næringslivet i desse fylka som sit att med rekningane for oppgraderingane av eksisterande nett og bygging av nye kraftlinjene. Venstre krev difor at nettleige-tariffen vert utjamna over heile landet, slik at vilkåra for næringslivet vert like, og at det ikkje vert gjort skilnad på forbrukarar alt etter kvar dei bur i landet.

 

For å sikre vidare utvikling og vekst i distrikta trengst fleire gode virkemiddel:

 

  • Arbeidet med kommune- og regionreform må halde fram og gjennom reformene må oppgåver og makt flyttast frå staten til kommunane og fylkeskommunane.
  • Etablere ei ordning der statlege tilsette får rett til å ta med seg arbeidsplassen sin heim
  • Utjamning av nettleiga for forbrukarar og næringsliv over heile landet
  • Sørgje for midlar til rassikring av veg, ferjeavløysing og fleire ladepunkt for elbilar.
  • Meir midlar til flaum- og rasutgreiing av bustadområde.
  • Utvikle moderne levedyktige bygdesamfunn rundt regionsentra som gjer at folk kan fortsette å leve på forskjellige måtar også i framtida.
  • Auka satsing på utbygging av breiband og fiber.
  • Sørge for god inntektsutvikling for små og mellomstore gardar, og på denne måten sikre rein mat, høg dyrevelferd og norsk matproduksjon over heile landet.
  • Jobbe for at fleire flyktningar og arbeidsinnvandrarar blir innbyggjarar i distrikta.
  • Styrke regionsentra gjennom statlege arbeidsplassar, tett samarbeid mellom det offentlege og private og satsing på næringsklynger, innovasjon og gründerar.

 

Venstre er på lag med framtida og vi trur på eit løft for både by og distrikt i tida framover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**