Sist helg var det fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Venstre. Møtet gjekk av stabelen i Florø. Utsendingar frå Sogndal Venstre var Are Kvistad og Eva Ramstad.
Årsmøtet takka av Gunhild Berge Stang som fylkesleiar. Ny fylkesleiar vart Jan Henrik Nygård. Ny i styret er også Gunnar Osland, Askvoll og Astrid Hoffart frå Stryn. Trude Risnes frå Leikanger har vore styremedlem i to år, og vart vald til ny 2. nestleiar.
Fylkesårsmøtet vedtok og ei rekke fråsegner som blir sendt vidare til landsmøtet seinare i år. Les meir om dette på Sogn og Fjordane sine nettsider.