Den teknologiske utviklinga akselererer! Vi må førebu oss på store omveltingar. Vi ser at radikal ulikskap tar form mellom anna i USA. Dess rikare vi vert som samfunn, dess mindre effektivt vil arbeidsmarknaden fungera til å fordela rikdomen.
Verdsomspennande konsern som Facebook, Google, Amazon, Apple veks, utvidar og kan verta dominerande monopolistar. Denne utviklinga krev ei massiv omfordeling av verdiskapinga gjennom internasjonale avtalar.
I Norge vil ny teknologi ta over arbeidsoppgåver som menneske utfører i dag. Nye jobbar som vi enno ikkje kjenner, vil veksa fram. Denne utviklinga kan føra til at eigarskap til maskinene får heile overskotet av verdiskapinga. Utfordringa vert korleis verdiskapinga skal koma alle innbyggjarane til gode.
I Stortingsmelding nr 50 (1998-1999) «Utjamningsmeldinga» vart dette vedteke i Stortinget (minus H og FrP):
9.8 Garantert minsteinntekt
Regjeringa vil setje ned ei intern arbeidsgruppe som skal greie ut spørsmålet om garantert minsteinntekt. Utgreiinga blir knytt til dei sosiale ordningane som er etablerte i dag, til nye arbeidsmåtar for samordning og forenkling, og dessutan til forslaget om normering av sosialhjelp etter sosialtenestelova.
Det var Venstre som fekk gjennomslag for dette. Den gongen var dette Venstres politikk programfesta i partiet. Samarbeidspartia Sp og KrF var overraskande lunkne til tiltaket.
Venstre må ta opp att arbeidet med å få utgreidd saka. Det er viktig å fokusera på utfordringa og å setja i gang ei drøfting om alternative modellar.
Vedteken av årsmøtet til Hordaland Venstre 11. februar 2018