Talet på sysselsette aukar, men folketalet aukar meir. Talet på folk utanfor arbeidslivet går dermed opp. Å ha ein arbeidsplass å gå til gjev løn, arbeidskameratar, høgare livskvalitet, kjensla av å vera til nytte, vera ein del av heilskapen. Å vera arbeidslaus tærer på økonomien, gjev mindre sjølvkjensle og ei kjensle av å vera utanfor, vera til bry for samfunnet.
Fleire hundre tusen personar står utan arbeid: mellombels arbeidslause, unge med manglande formalkompetanse, uføre med ulike fysiske eller psykiske hemmingar. Dei fleste ønskjer ein arbeidsplass å gå til. Ikkje alle kan yta 100 prosent, men den arbeidsevna dei har stiller dei til rådvelde.
Arbeidsoppgåver er det nok av. For ei tid sidan fekk eitt av sjukehusa våre registrert kva arbeidsoppgåver som vart utført der. Resultatet overraska: over 20 prosent av oppgåvene var relaterte til hotellfag. Men det var ingen tilsette med denne kompetansen. Tillaging og ombering av mat, ordning av senger, reinhald og liknande vart utført av sjukepleiarar, som dermed fekk mindre tid til det dei er utdanna til. Ei betre fordeling av arbeidsoppgåver vil tena samfunnet ved å gje sjukepleiarar arbeidet sitt attende, og syte for at arbeidsføre menneske med lågare eller annan kompetanse får bidra til verdiskaping og skatteinntekter.
Arbeidsmiljølova fungerer best for friske folk i full stilling som kan yta minst eitt hundre prosent. Vi treng ei endring som gjer lova meir rettvis for dei som ikkje kan yta 100%. Venstre på Stortinget og i regjeringa må ta initiativ til ei brei drøfting av kva som skal til for å få lette inngangen til arbeidslivet. Arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane må trekkjast aktivt inn i prosessen. Ofte vert den «norske modellen» og «trepartsamarbeidet» trekt fram som unikt i verdssamanheng. La oss syna at modellen kan løysa denne utfordringa også. dialogen mellom arbeidsgjevarane, arbeidstakarane og det offentlege er grunnleggjande for eit trygt, føreseieleg og sosialt ansvarleg arbeidsliv.
Hordaland Venstre meiner at:
- inngangen til arbeidslivet må lettast
- Noreg treng ei tilpassing av arbeidsmiljølova som gjer den meir rettvis for dei som ikkje kan yta 100%
- dialogen mellom arbeidsgjevarane, arbeidstakarane og det offentlege er grunnleggjande for eit trygt, føreseieleg og sosialt ansvarleg arbeidsliv.
- utviklinga med stadig fleire bemanningsbyrå i bygge-, anleggs- og verftsnæringa er ei truande utvikling for norsk arbeidsliv og føreseielegheita til arbeidstakarar i Norge.
- sosial dumping og svart arbeid undergraver den norske arbeidslivsmodellen og føreseielegheita for tilsette på norske arbeidsplassar.
- fast tilsetjing skal vere normalen og målsetting for norsk arbeidsliv, og Venstre vil motarbeida kunstige og uønska tilsettingsbrøkar.
Fråsegna er vedtaken av årsmøtet til Hordaland Venstre 11. februar 2018