Skal me ha eit reiseliv som kan knyte sine historier kring den lokale maten, må me samtidig ha matprodusentar lokalt og over heile landet. Landbruket treng unge drivarar, og særleg kvinner. Berre 14 prosent av alle registrerte bønder er kvinner. Me vil arbeide for at unge satsar framtida innan landbruket.
Telemark Venstre vil:
- At ein sikrer utjamning mellom distrikta, og mellom små og store bruk. Det skal sikre berekraftig landbruk over heile landet. Auka effektivisering og utvikling mot større bruk vil føre til at det minst sentrale landbruksarealet og utmarka ikkje blir nytta, som igjen vil føre til auka transport av fôr og meir utslepp.
- At jordvernet skal styrkast. Erstatning ved nedbygging av dyrka jordbruksareal skal aukast. Ein må innrette landbrukspolitikken slik at dyrkbar jord og beitemark er i bruk og auke andelen økologiske bruk. Politikken skal motvirke attgroing og me vil ikkje godta kutt i kulturbeitetilskotet.
- At ein innfører fleire positive verkemiddel og nasjonale tiltak for å redusere klimautsleppa frå landbruket, slik at landbruket tek sin del av klimareduksjonane. Venstre må legge til rette for meir nyskaping i landbruket slik at fleire bønder kan ta i bruk meir miljøvenlege og framtidsretta løysingar.
- At ein legg til grunn at det norske jordbruket sitt største konkurransefortrinn er mattryggleik, dyrehelse og dyrevelferd. Verkemiddel knytt til desse tiltaksområda må styrkast. Gode velferdsordningar er viktig for å sikre god dyrevelferd og rekruttering til landbruket gjennom gode avløysarordningar ved ferie, fritid og sjukdom.
Fråsegn vedteken av Telemark Venstres årsmøte 10.02.18 Norsjø hotell.