Telemark Venstre er bekymra over det låge talet menn som arbeidar i barnehagen, og at talet menn i grunnskulen har blitt kraftig redusert. Det trengs koordinerte og målretta tiltak for å motverka denne negative utviklinga, og innsatsen på dette området må prioriterast og forsterkast.
Tal frå 2016 viser at 9% av dei tilsette i barnehagane er menn, til trass for at det lenge har vore eit nasjonalt mål å få opp delen til 20%. I grunnskulen er berre ein av fire lærarar menn, og av desse arbeider mange på dei øvste trinna, slik at det er særleg skeiv kjønnsfordeling i den viktige begynnaropplæringa. Det er også urovekkande å registera nedgangen som har vore over tid: i 1985 var 42 % av lærarane i grunnskulen menn.
Me treng barnehagar og skular der både menn og kvinner arbeider. Barna treng både kvinnelege og mannlege rollemodellar. I ei nyleg publisert studie fann forskarane ein klar samanheng mellom talet menn i barnehagen og språk- og rekneferdigheitene til desse borna når dei begynte på skulen. Borna som hadde gått i barnehagar med fleire menn klarte seg betre i småskulen enn andre. Det er også grunn til å tru at dette kan ha spesielt positiv påverknad på gutar, der me veit at ein del har større utfordringar i møtet med skulen og slit med å fullføra heile skuleløpet.
Det finst kommunar som har ein medviten politikk på dette området, men Telemark Venstre meiner at utviklinga går for sakte og ber om at det vert iverksett nasjonale tiltak for å rekruttera fleire menn til barnehagar og begynnaropplæringa i skulane. Under halvparten av landets barnehagar har i dag tiltak for å rekruttere menn. Samtidig har undersøkingar avdekt at barnehagar som arbeider medvite med likestilling lukkast med å tiltrekke seg fleire menn. Dette viser at bevisst innsats nyttar.
For samfunnet må det vera like viktig med ein god kjønnsbalanse i ein barnehage eller ein skule som i eit styrerom. Det bør derfor vurderast om det er forhold knytta til karrieremoglegheiter, status og lønn i dei pedagogiske yrka som må endrast for at barnehagane og skulane skal framstå som attraktive arbeidsplassar for flinke menn og kvinner.
Fråsegn vedteken av Telemark Venstres årsmøte 10.02.18 Norsjø hotell.