Haram Venstre heldt årsmøte på Gamlem Grendahus 22. januar. Der blei det vedtatt å slå saman lokallaget med venstrelaga i Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund frå 1. januar 2019. Lokallagsleiar Håvard Urkedal blei vald til å representere laget i interimstyret for nye Ålesund Venstre. Han takka alle aktive medlemmar for innsatsen oppigjennom åra, og ynskte å vidareføre engasjementet inn i det nye laget.
Venstrelag gjennom 135 år
I år markerer laget 135 årsdagen for stiftinga av Haram Venstre. Det skjedde på garden Ostnes på Haramsøya 27. oktober 1883. Den gongen hadde laget 150 medlemmar, og lærar Lars Johnsen frå Skuløy vart vald som den fyrste formannen. Han deltok saman med Elias K. Ostnes på skipinga av Romsdal Amts Venstreforening året etter.
Oppigjennom åra har Haram Venstre hatt tre stortingsrepresentantar: Knut Otterlei (1913-15), Ole Rasmus Knutsen Flem (1922-36) og Bjarne Flem (1965-73). Sidan opprettinga av dagens Haram Kommune (1. januar 1965) har Venstre hatt ein ordførar: Ole Larsson Fjørtoft (1968-1971).
Styret ynskjer å kome i kontakt med personar som sit på arkivmateriale eller liknande informasjon i samband med 135 årsmarkeringa.
Status anno 2018
På årsmøtet blei det gjort opp status for fjoråret. Då var det stor aktivitet i samband med stortingsvalet på det politiske planet. I tillegg til interne møter deltok representantar frå Haram på heile 14 aktivitetar som mellom anna stand på Vårmarknaden, Myldredagane og Digerneset, og paneldebatt i Brattvåg med dåverande stortingsrepresentant Pål Farstad.
Eili Å. Arntsen tok over vervet som kasserar. Ho har vore aktiv i styret sidan 2013 og har mellom anna representert Venstre i ad-hoc utvalet for flyktningar. Elles fekk Håvard Urkedal og Thomas Vadset fornya tillit som høvesvis leiar og nestleiar, medan Kristian Stråmyr (sekretær), Nina-Shanett Arntsen (UV) og Hege Malkvik blei attvald som styremedlemmar.
Årsmøtet vedtok å sende inn resolusjonen «tidleg innsats mot overgrep» til fylkesårsmøtet i Kristiansund. Denne er laga på grunnlag av Dark Room etterforskinga i Vest politidistrikt og overgrepssakene i Tysfjord, og går ut på å få på plass proaktive tiltak for å forhindre overgrep mot barn.