Tettstader med lokale kvalitetar og særpreg

Venstre i Sogndal, Leikanger og Balestrand vil jobbe for at nye Sogndal kommune utviklar ein estetisk rettleiar, som ei hjelp til god tettstadutvikling. Bildet viser Sogndalsfjøra., Foto: Are Kvistad

Venstre vil styrke planlegginga og prioritere byggeskikk i nye Sogndal kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Når nye Sogndal kommune skal byggast, startar vi ikkje med blanke ark. Den nye kommune-eininga har sett seg mål om å skape noko nytt, men vil også bygge vidare på det beste frå dagens kommunar. Slik vert det gjerne også med den fysiske stadutviklinga. Det betyr likevel ikkje at vi skal halde fram nett som før.

Venstre i Sogndal, Leikanger og Balestrand vil bruke den nye kommunebygginga til å styrke tettstadplanlegginga. Vi vil ha auka merksemd på byggeskikk og å ta vare på kvalitetar både i landskap og bygde omgjevnader. Venstre vil difor jobbe for at nye Sogndal kommune utviklar ein estetisk rettleiar, som ei hjelp til god tettstadutvikling. For det er slik at: Vi formar våre omgjevnader, men når dei først står der, er det omgjevnadene som formar oss (Ingolf Westbø, Statens Byggeskikkutval).

Estetisk kvalitet er noko vi opplever som vakkert, og er avgjerande for om ein stad skal opplevast som attraktiv og triveleg. Det er kommunen som har ansvaret for at det blir lagt til rette for god stadforming, for gode bumiljø og gode oppvekst- og levekår. Ein byggeskikkrettleiar kan vere eit godt hjelpemiddel for å sikre kvaliteten på utforminga av omgjevnadene våre.

Nye Sogndal kommune vert ein samansett kommune kva gjeld lokal byggeskikk, identitet og problemstillingar. Regionsentert Sogndal har rask og sterk utvikling og utbygging på mange frontar (bustader, næring etc), kanskje raskare enn kva reguleringsplanar og politikarar klarer halde følgje med. På Kaupanger er det stor aktivitet knytt til større næring, industri med meir. Mundal og bokbyen har sin identitet og sitt særpreg.

Leikanger som administrasjonssenter og med større offentlege arbeidsinstituasjonar har sine problemstillingar. Og ikkje minst har Balestrand store verdiar og identitet knytt til lokal byggeskikk og estetikk med sveitservillaene, engelsk-kyrkja, Kviknes, reiselivsmuseet for å nemne noko. I tillegg har vi alle grendene i rundt og i mellom, alt jordbrukslandskapet og ikkje minst ei stor satsing på hyttebygging.

Sogndal Venstre meiner nye Sogndal kommune må få utarbeida ein estetisk rettleiar for å:

  • Behalde / auke fokuset på estetikk i kommunen.
  • Sikre god estetisk kvalitet og balanse mellom det historiske bygde miljø, samtidsarkitektur og ønska estetisk utvikling.
  • Fremje identitet og tilhøyrigheit til staden (ulik for dei ulike stadene).
  • Auke føreseielegheita i plan- og byggesakshandsaminga og politisk handsaming.
  • Sikre meir relevant / naudsynt dokumentasjon av estetisk utforming av tiltak i søknader, for betre resultat.
  • Gjennomgå og oppdatere alle verkemiddel og verkty med tanke på estetikk.
  • Auke medvitet om rammer for arkitektonisk utforming av tiltak.

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har mykje god litteratur og eksempel. Blant anna har Rennebu kommune utarbeida ein byggeskikksrettleiar i fire delar: Lokal byggeskikk, fritidsbebyggelse, bebyggelse i jordbrukslandskapet og tettstadsbebyggelse. I vår region er det mangel på eksempel. Venstre i Sogndal, Leikanger og Balestrand meiner difor nye Sogndal skal vise veg for ambisjonsnivå for våre bygde omgjevnader.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**