Byggjer nytt Venstre-lag

Venstre-laga i Balestrand, Leikanger og Sogndal bygger seg saman. Frå 2019 vil dei tre samle seg til eitt lokallag., Foto: Sigrid Svartefoss

Venstre-laga i Sogndal, Leikanger og Balestrand bygger seg saman. Frå 01.01.19 vil dei tre samle seg til eitt lokallag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

– Når kommunane Balestrand, Leikanger og Sogndal sler seg saman frå 01.01.20 er det naturleg at vi som politisk parti gjer det same, seier Jon Asbjørn Målsnes, Hans Haugen og Trude Risnes. Det nye laget held fram med namnet Sogndal Venstre. – Det er rimeleg, då den nye kommunen også tek namnet Sogndal, seier dei tre.

Årsmøta i dei tre laga har alle gjort vedtak om samanslåing med virkning frå 01.01.19.

2018 blir soleis eit år for å førebu overgangen og bygge nytt lokallag. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal førebu samanslåinga og føreslå organisering av det nye laget. Arbeidsgruppa blir også sentral i å setje i gong nominasjonsarbeid og val av styre for det nye laget.

Medlemmer frå dei tre lokallaga var samla tysdag, med samanslåinga på sakskartet. Her deltok også representantar frå Jølster og Førde Venstre, som snart skipar Sunnfjord Venstre, saman med venstre-laga i Naustdal og Gaular. -Sunnfjord har kome lengre enn oss, vi set pris på at dei tek turen for å dele erfaringar og tips, seier parti-veteranen frå Sogndal, Hans Haugen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**