Det politiske året 2017 – Osterøy Venstre

Politikk, Kjersti I. Vevatne

Under er utdrag frå Osterøy Venstre si årsmelding for året som har gått.

Det politiske året 2017 har vore prega av nokre store saker.

I val av skulestad for Valestrandsregionen vedtok heradsstyret dagens tomt. Venstre argumenterte for Elvikaskogen. Utgreiinga viste at denne tomta ville vere den beste dersom ein ønskte å styrke læringsmiljøet og auke trivsel for elevar, tilsette og foreldre. Dette var også det alternativet som heilt klart ga den beste løysinga trafikkmessig, og som samla sett var mest framtidsretta.

I Sjø- og strandsoneplanen var det mange problemstillingar som vart drøfta, m.a kvar gjestehamn og småbåthamn i Fotlandsvåg skulle ligge. Venstre argumenterte tidleg for ei indre løysing for begge deler – i tråd med kva grendarådet og ulike lag og organisasjonar sjølv ønskte. Dette vart også vedteke til slutt. Elles var Sjø- og strandsoneplanen eit stykke nybrottarbeid når det gjeld akvakultur. Eit samla heradsstyre valgte å sette miljøkrav til nokre av sjøområda. Det å bruke plan- og bygningslova på denne måten er ikkje gjort av ein kommune før.

Områdeplan for Valestrand vart vedteken etter svært mange politiske endringar. Venstre stemte i mot mange av endringane, då vi meinte dei var lite gjennomtenkte. Det vart bl.a opna opp for kotehøgd +35 på ei av tomtene i sentrum, ei høgde som Venstre meiner vil bryte med bygningsmiljøet elles.

Venstre stilte seg i stor grad bak rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2018 – og det var også dette som i hovudsak vart vedteke. Politikarane, inkludert Venstre, stemte for 2 stillingar ved ungdomsskulen og 3 ekstra millionar satt av til Valestrand skule (investering). Vidare ønskte Venstre saman med mindretalet å sette av 2,5 millionar i omstillingsmidlar til Helse og omsorg –ei investering for å redusere drifta til eit forsvarleg nivå. Dette hadde ikkje fleirtal.

Venstre stemte saman med fleirtalet for å ta imot 10 flyktningar i 2018, etter oppmoding frå IMDI.

Venstre har gjennom året blant anna vore opptatt av skuleveg og trafikktryggleik. Me har bl.a tatt opp spørsmål om tryggleik for mjuke trafikantar langs fv. 567 Loftås-Hauge, og etterlyst framdrift for trafikkløysing ved Valestrand skule.

Osterøy kommune er i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon. Budsjettprosessen har vist at det er avgjerande for oss at kommunen har betre styring med Helse og omsorgssektoren. Det er bestilt inn eit arbeid med gjennomgang av sektoren, og med forslag til tiltak. Me ventar at dette vert ei av dei store sakene i 2018.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**