Venstre vil styrke forvaltninga av store verneområde

Fråsegn frå Venstre i Sogndal, Leikanger og Balestrand

I Jeløy-plattforma står det at regjeringa vil styrke norsk naturforvaltning og forvalte eksisterande verneområde på ein god måte. Venstre i Sogn vil øve press på den utvida regjeringa til å auke kapasiteten i forvaltninga, særleg i sekretariata av Jostedalsbreen, Nærøyfjorden og Stølsheimen. Dette er viktig for å kunne ta i mot fleire besøkande, gje folk ei betre naturoppleving og bidra til berekraftig lokal verdiskaping. Desse tre verneområda er særleg underbemanna og treng auka kapasitet for å møte dagens og morgondagens utfordringar.

Det er ei nasjonal målsetjing å ønskje velkomen inn i nasjonalparkane og dei store verneområda. Mange store verneområde opplever ei stadvis dramatisk auke i tal besøkande. For å få til ei god forvaltning der fleire kan besøka områda, samstundes som sårbare verneverdiar blir tekne vare på, skal det lagast besøksstrategiar. Jostedalsbreen, Nærøyfjorden og Stølsheimen har fleire oppgåver som treng auka kapasitet i sekretariata: forvaltningsplanarbeid, besøksstrategiarbeid, skjøtsel og fleire tiltak for friluftsliv og ferdsle kjem no i tillegg til den daglege forvaltninga av forskrift, oppfølging av styrevedtak, generell publikumskontakt, informasjon og sekretærfunksjon for dei politisk oppnemnte verneområdestyra.

Særleg bør oppfølging av besøksstrategien være prioritert, då den er vesentleg for å kanalisere folk, verne om sårbar natur, samstundes som ein skal auke lokal næring, slik Stortinget har ønskja. Det er krevjande å utføre slike oppgåver med så lite personell som er tilgjengeleg i verneområdeforvaltninga (ein person for Jostedalsbreen og ein delt person mellom Nærøyfjorden og Stølsheimen).

Jostedalsbreen er eit av Sør-Norge sine større område av kvalifisert villmark, med store biologiske, geologiske og opplevingsmessige verdiar. I tillegg til det verna arealet er det om lag 45 innfallsportar av større eller mindre omfang utanfor vernegrensa, som skal ønskje folk velkommen til området. Friluftsaktiviteten er aukande, og kravet om meir tilrettelegging er også aukande. Med betre og meir tilrettelegging får også den lokale næringsaktiviteten gode ringverknadar.

Jostedalsbreen er landets mest besøkte nasjonalpark med årleg meir enn ein halv million besøkande, med store attraksjonar som byggjer opp under Norge som ein internasjonal reisemålsdestinasjon. I Stølsheimen og Nærøyfjorden landskapsvernområde er eit av verneføremåla å ta vare på kulturlandskapet. Det er mange spor i områda etter tidlegare bruk, og i nokre av områda er det framleis aktiv landbruksdrift. I innskrivingsgrunnlaget for verdsarvstatusen for Vestnorsk Fjordlandskap står det at dei kulturelle spora etter menneske i landskapet er viktig for vernegrunnlaget. Mange trua arter og naturtyper er knytt til kulturlandskap, og det må skjøttast aktivt for å ikkje gå tapt.

Årsmøta for Sogndal, Leikanger og Balestrand Venstre gjev miljøvernministar Ola Elvestuen følgjande utfordring:

Med Jeløy-plattforma ser Venstre i Sogn at regjeringa ønskjer å styrke naturforvaltninga, ta vare på det biologiske mangfaldet og legge til rette for naturoppleving for fleire. Ved å auke kapasiteten i forvaltninga av dei store verneområda, særleg Jostedalsbreen, Nærøyfjorden og Stølsheimen, vil regjeringa kunne bidra til dette. Det er også god bygdeutvikling å ha fokus på forvaltning av dei store verneområda. Til dømes har Jostedalsbreen nasjonalparkstyre sørgja for ei storstilt opprustning av mange gamle ferdselsveger, for slik å både leggje til rette for friluftsliv og folkehelse, ivaretaking av kulturminne, landbruk og kulturlandskap. I Nærøyfjorden og i Stølsheimen har verneområdestyra omfattande arbeid med å skjøtte kulturlandskapet, slik at verdsarvstatusen blir oppretthalde. Slik vil Norge, som reiselivsdestinasjon, også kunne ta betre imot turistar som ser etter den reine, den ville og den vakre naturen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**