Årsmøtet blir det siste i lagets historie, ettersom vi no slår oss saman med Jølster og Naustdal Venstre til det som blir Sunnfjord Venstre. Her inviterer vi inn alle som vil støtte og utvikle Venstre i den nye storkommunen. Vi har samordna oss med Jølster Venstre og Naustdal Venstre, som arrangerer sine årsmøte på naborom i rådhuset. Omlag kl. 19.00 slår vi oss saman og arrangerer skipingsmøte.
I samband med skipingsmøtet, har vi besøk av stortingsrepresentant André Skjeldstad og fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Gunhild Berge Stang. Dei vil gje ei helsing til det nye sunnfjordlaget og vil orientere og svare på spørsmål om Venstre i den nye regjeringa.
SAKLISTE ÅRSMØTE FØRDE VENSTRE:
- Opning og konstituering
- Val av to representantar til å skrive under protokollen
- Godkjenning av årsmelding frå styret og bystyregruppa
- Godkjenning av rekneskapen for 2017
- Val av utsending til fylkesårsmøtet 10. og 11. februar i Florø
- Nedlegging av Førde Venstre før skiping av nytt lokallag, Sunnfjord Venstre.
Merk at saker som val og budsjett ikkje er med, grunna skiping av nytt lokallag.
Vedlagt:
- Innkalling årsmøte 2017 i Førde Venstre-3
- Rekneskap Førde Venstre.2017
- revisjonsmelding Førde Venstre
- ÅRSMELDING 2017 bystyregruppa
- ÅRSMELDING 2017.rtf (endeleg)
- Saksdokument skipingsmøte Sunnfjord V 01.02.2018-2.
- vedtekter sunnfjord Venstre.doc
På vegner av Førde Venstre
Anne Mette Hjelle, avtroppande leiar