Venstre er med å danne ei ny regjering

Venstre si stortingsgruppe har vedteke å danne ei ny regjering med Høgre og Framstegspartiet. Gunhild Berge Stang var på landsstyremøtet søndag, og ho seier at plattforma som vart lagt fram er god, også for Sogn og Fjordane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

– Regjeringa vil med plattforma ta Norge i ein grønare, rausare og meir sosialliberal retning. Nokre viktige saker fylkesleiaren vil vise til er mellom anna ein distriktsvenleg landbrukspolitikk, betre for låginntektsfamiliar ved differensiert opphaldsbetaling og gratis halvdagsplass i SFO, klima, næring – grønt skifte, betre rammevilkår for næringslivet. Regjeringa vil ikkje gje nye løyver til fjorddumping.

– Auke i talet på kvoteflytningar er viktig for småkommunane, mange har bygd opp god kompetanse og lagt til rette for å ta i mot, og sjølvsagt skapar det betre folketalsvekst og eit viktig inntektsgrunnlag.

 

Vi ser fram til dei neste dagane og dersom de ønskjer meir informasjon så ta gjerne kontakt med Gunhild Berge Stang på tlf. 976 53 785.

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**