Ja til gratis elbil-parkering

Foto: wikimedia

Sogndal kommune må framleis stimulere folk til å ta meir miljøvennlege val. Venstre
meiner difor det er feil signal frå kommunen å fjerne gratisparkeringa for el- og
hydrogenbilar, slik forslaget til budsjett no legg opp til.

Når politikarane i Sogndal skal vedta økonomiplan og budsjett 14. desember, er det
mange omsyn som skal balanserast. Det å drive velferdstenester og skule kostar. Difor
er det lett å forstå at både rådmann og politikarar kan bli freista til å auke inntektssida
der ein kan. Men saka er at det å fjerne gratisparkeringa for el- og hydrogenbilar ikkje vil
gje store meirinntekter, sidan under 1,4 prosent av bilparken i Sogndal er reine elbilar.
Gjennomsnittet i Sogn og Fjordane er 1,1 prosent, viser tal frå SSB.

Saka handlar difor meir om kva signal kommunen ønskjer å gje innbyggarane og
pendlarane som kjem til Sogndal kvar dag for å arbeide eller ta utdanning. Det er
allereie svært få frie parkeringsplassar for el- og hydrogenbilar i Sogndal. Det er også
altfor få ladeplassar. Venstre vil be om at kommunen lagar ein plan for dette slik at ein
óg kan oppfylle kravet i parkeringsforskrifta om seks prosent ladeplassar.

Eitt av slagorda til Venstre i valkampen var ”på lag med framtida”. Vi har meir tru på
gulrot enn på pisk. Nettopp det å stimulere folk til å gjere kloke val er god og
framtidsretta politikk. Spørsmålet om parkeringsplassar for el- og hydrogenbilar er ei slik
sak der kommunen må ta eit ansvar for å gjere det enklare for folk og næringsliv å velge
meir berekraftige løysingar.

Folk og næringsliv kan vise stor evne til omstilling også på dette feltet dersom ein
opplever at det både er smart, enklare og lønsamt å køyre miljøvennleg. Vi vil óg at så
mange som mogleg av dei som er i ferd med å byte bil skal velge fossilfritt. Sogndal
kommune bør bidra til at desse innbyggarane får ein vennleg ”dytt” i miljøvennleg
retning, ikkje det motsette.

Ein kan legge merke til at erfaringene frå elbilsatsinga i Bergen er gode. Nesten ein
tredel av alle nybilar i Bergen er elbilar og om lag ti prosent av bilparken er no elbilar.
Bergen har rett nok særlege utfordringar knytt til luftforureining, men poenget er at
dette viser at ein aktiv elbilpolitikk fungerer.

 

Sogndal Venstre v/ styret

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**