– Eg er særleg nøgd med at vi no får ei kraftig opptrapping av satsinga på sykkel i Sogn og Fjordane, og at vi har fått vedtak om oppstart av viktige samferdsleprosjekt Venstre har arbeidd lenge med, som Fylkesveg 57 og Svelgen-Indrehus, seier Berge Stang.
Av dei sakene Venstre har arbeidd med og no er vedtekne i ny Regional Transportplan er:
- 22 mill kr ekstra til satsing på sykkel i tettstadane i Sogn og Fjordane
- 60 mil kr til opprusting av Fylkesveg 57 (Gaular-Fjaler) med oppstart i 2019
- Oppstart av Fylkesveg 614 Svelgen Indrehus i 2020
- Satsing på digitalsering og ny teknologi i transportsektoren
- Sterk satsing på rassikring – herunder planleggingsmidlar til Heilevang på Fylkesveg 609
- Gjennombrot for satsing på ferjeavløysing med oppstart av Ytre Steinsund i Solund, planleggingsmidlar til Atløysambandet og semje om ein strategi for å få nasjonale pilotprosjekt for ny bruteknologi til ferjeavløysingsprosjekt i Sogn og Fjordane
– Betre samferdsle er avgjerande for vekst og utvikling i eit fylke som Sogn og Fjordane. Vi gjer no viktige grep for å utvikle fylket vidare, og Venstre vil halde fram med å vere ein pådrivar for betre samferdsle også i nye Vestlandet fylke frå 2020, seier Berge Stang.