– Eid vil no kome heilt i front nasjonalt i å utvikle framtidas helsetenester, der vi brukar ny teknologi og ei forsterka fastlege-ordning til å gje folk betre helsetenester nærare der dei bur. Dette er mulig på grunn av ei ekstra løyving på 10 mill kr til digital avstandsoppfølging som Venstre fekk gjennomslag for på statsbudsjettet 2018, der Eid kommune no vil få ein heilt sentral posisjon, seier Venstres medlem i kommunalkomiteen på Stortinget, Ketil Kjenseth.
Dei 10 mill til forsterka satsing på digital avstandsoppfølging kjem i tillegg til dei 55 mill kr som allereie er sett av i statsbudsjettet 2018 til ordninga med primærhelseteam.
– Denne nye satsinga er særleg viktig for pasientar med kroniske sjukdommar og trong for tett oppfølging i kvardagen. Det er i distrikta avstandsutfordringane er størst, og tilgangen på kvalifisert helsepersonell er mest kritisk. Difor er det utruleg viktig og positivt at Helse-og omsorgsdepartementet no blinkar ut Eid og nye Stad kommune til å vere først i landet med ei slik satsing, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V). Han varslar at Eid også vil invitere inn andre samarbeidspartnarar i Sogn og Fjordane i den nasjonale pilot-satsinga.
– Vi får ei stadig eldre befolking, og stadig fleire med samansette behov for hjelp. Då må vi leite etter nye modellar for korleis vi kan utnytte ressursane på tvers, seier Kommunelege i Eid, Thomas Vingen Vedeld. Alle fastlegane i Eid vil delta i den nye ordninga med primærhelseteam, som skal vare i tre år med oppstart i april 2018. Også Flora kommune er med i det nasjonale forsøket med primærhelseteam.
For meir informasjon/kommentarar:
Stortingsrepresentant Ketil Kjenseth (Venstre): Mobiltlf 926 99 964.
Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V): mobiltlf 480 82 652.
Kommunelege Thomas Vingen Vedeld: Mobiltlf 970 04 492.