Venstre med tiltak for å skape fleire arbeidsplassar

Foto: Jostein Vedvik

Ein hovudjobb for Venstre i forslaget til statsbudsjettet er å skape fleire nye jobbar. Vi deler LO sitt krav om at vi må redusere ledigheita gjennom vekst i nye jobbar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

 

Dei jobbane vi skal leve av i framtida må skapast no. For å oppretthalde velferda vår og sørge at alle har meiningsfylte aktivitetar å fylle kvardagen med, må vi skape mange nye arbeidsplassar i åra som kjem. Vi må også bli flinkare til å inkludere fleire i arbeidslivet enn vi klarar i dag.

 

Venstre heiar på de som torer å satse og skape ein arbeidsplass for seg sjølv og nokre til. For oss er det eit mål at fleire startar for seg sjølv. Difor føreslår Venstre i sitt alternative statsbudsjett for 2018 å legge til rette for at overgangen frå eit tilsetjingsforhold eller avslutta utdanning til det å starte for seg sjølv, blir så enkelt som mogleg.

 

Det gjere vi blant anna ved å fjerne diskriminerande reglar og ordningar som gjere at gründerar og små og mellomstore bedrifter betalar meir skatt og har dårlegare sosiale ordningar enn lønnsmottakarar. Særleg viktig er det å legge til rette for fleire kvinnelege gründerar og gründerskap i tradisjonelt kvinnedominerte sektorar.

 

Venstre vil også ha eit krafttak for å tilpasse utdanningsinstitusjonar og utdanningsløp til morgondagens arbeidsmarknad, der mange fleire startar en arbeidsplass for seg sjølv. Vi vil utvikle og satse på program som lærer gründerar å kommersialisere og skalere opp idéane sine.

 

Nye bedrifter og sjølvstendig næringsdrivande skapar årleg ein stad mellom 20.000-30.000 nye arbeidsplassar. Venstre har som mål å doble dette. Difor føreslår vi å fjerne arbeidsgjevaravgifta i tre år for nystarta bedrifter med mindre enn 5 tilsette, styrke sjukelønsordninga for sjølvstendig næringsdrivande og å la sjølvstendig næringsdrivande behalde opparbeidde rettigheiter til dagpengar i inntil to år, ved overgang frå lønna arbeid til eiga verksemd.

 

Framtidas jobbar vert skapte i dag. Venstre er på lag med framtida, og difor har vi fremma eit forslag til statsbudsjett som vil bidra til å skape nye, grøne arbeidsplassar som vil skape vekst og verdiar i åra som kjem:

  • Auka lærlingtilskot (5.000 kr per kontrakt): 100 mill. kr.
  • Fritak for arbeidsgjevaravgift (nye lærlingar): 90 mill. kr.
  • Styrke forslaget til ny opsjonsskatting for gründerbedrifter: 105 mill. kr.
  • Inga arbeidsgjevaravgift i tre år (nystarta bedrifter med mindre enn 5 tilsette): 190 mill. kr.
  • Utvide ordninga med tilskot til bedriftshelseteneste til å gjelde alle bedrifter: 240 mill. kr.

 

 

For meir informasjon, ta kontakt med Gunhild Berge Stang

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**