Då Regjeringa i fjor la fram Langtidsplanen for Forsvaret, låg det inne ein reduksjon av Heimevernet til 38.000 soldatar. Forslaget om nedbygging av Heimevernet var ein viktig grunn til at Venstre ikkje kunne støtte Langtidsplanen i Stortinget, og at Høgre og Frp måtte gå til Arbeiderpartiet for å få planen gjennom.
Når Regjeringa no kjem tilbake til Stortinget med ei eiga utgreiing om landmakta (Hæren og Heimevernet), står vårt krav om eit sterkare Heimevern fast. Venstre meiner at Heimevernet må ha minst 45.000 soldatar landet over, og at den auken må kome snarast råd.
I vårt framlegg til Statsbudsjett for 2018, foreslår Venstre å auke løyvinga til Heimevernet med 100 millionar kroner, for å ta første steg mot målet på 45.000 ved å auke frå 38.000 til 40.000 soldatar i 2018.
Me vil då prioritere auka tal soldatar i innsatsstyrkane, fordi me veit at det er behov for operative styrkar med kort responstid.
Jagerfly og ubåtar er viktige, men må ikkje fasast inn slik at dei svekkar Hær og Heimevern, slik regjeringa foreslår. Heimevernet sit på heilt avgjerande lokalkjennskap, og bidreg med styrkevolum i landmakta. I den utfordrande tryggleikspolitiske situasjonen Noreg no står overfor treng me eit totalforsvar med balanse på land, i lufta, på havet og i cyberspace. Heimevernet er ein sentral del av eit slikt totalforsvar.
På trykk i Rjukan Arbeiderblad 16/11-2017.