Eit budsjett for fleire arbeidsplassar, betre skule og lågare utslepp

Venstre vil ha en skole for framtida.
Kunnskapsminister Trine Skei Grande (V)., Foto: Mona Lindseth / Venstre

-Noreg er rimeleg godt rusta til å møte framtida, men det er også ei rekke nye utfordringar vi møter i dei komande åra som må løysast. Om vi skal klare å gje alle barn ein god skule, nå klimamåla våre og skape arbeidsplassane vi skal leve av i framtida, så krev det evne og vilje til omstilling. Den viljen har Venstre, seier partileiar Trine Skei Grande. I dag vart Venstre sitt alternative statsbudsjett offentleggjort.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Dei viktigaste satsingane i budsjettet er å legge til rette for å skape nye arbeidsplassar, bekjempe barnefattigdom og sikre alle barn ein god skule med kvalifiserte lærarar i alle fag. For Venstre er det å sikre ein trygg og god oppvekst for alle barn ein av dei viktigaste oppgåvene vi som fellesskap må løyse.

Venstre sitt alternative statsbudsjett for 2018 medfører at kommunar og fylkeskommunar vil få auka sitt økonomiske handlingsrom. For å ruste kommunane og fylkeskommunane til mellom anna å yte betre sosiale tenester og eit betre barnehagetilbod til innbyggjarane sine.

Summen av tiltaka til Venstre medfører at kommunane vil få tilført omlag 2 mrd. kroner meir i «frie midlar», kr. 43 811 646 til Sogn og Fjordane .

Her kan du lese meir om Venstre sitt alternative statsbudsjett:

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**