Osterøy-økonomien: Berre sorgen?

Osterøy Venstre inviterer medlemmer, vener av medlemmer og andre sympatisørar til møte:

Torsdag 9. November 2017 på Rådhuset i Lonevåg.

Meldinga frå rådmannen i Osterøy er klar: den økonomiske situasjonen er ”svært alvorleg” og alt tyder på at ”det vert berre verre” i åra som kjem. I år har Helse bruker nær 7 millionar over budsjett og totalt brukar kommunen over 11 millionar meir enn budsjettert i 2017. Samstundes veks vedlikehaldsetterslepet. Skulenedleggingar har ikkje monna nok, eigedomsskatten har heller ikkje redda oss, og spørsmålet vert då; kva løysingar har me? Kva grep må til for å snu spiralen, og må me velge mellom ungdom og eldre?

Så enkelt er det ikkje. Vår representant i Heradsstyret og Formannsskapet tek med seg fersk informasjon frå budsjettprosessen og innleier til diskusjon både om kva som kan skje framover og kva me har fått til dei siste to åra.
Ta med ein ven og kom på møte.

Det vert enkel bevertning.

Sei gjerne frå om du kjem via Facebook-event

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**