Høge hus og Valestrand – områdeplan er vedtatt

Om lag 3 gonger høgare enn dagens bygg gjev ei stor endring for Valestrandsfossen. Ein opnar opp for ei høgde opp til kote +35, Foto: Kjersti I. Vevatne

“I heradsstyremøte den 20 september 2017 vart endeleg områdeplan for Valestrand vedteken. Her følgjer utdrag av innlegget som Kjersti Vevatne frå Venstre hadde i saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Det er ei ærlig sak å vere for meir byggehøgde på Valestrand, men det er vanskeleg å forstå kvifor ein er berre opptatt av byggehøgde på eitt av innspela som er komme inn, og ikkje dei andre. Ja, no snakkar eg om “høghuset på Valestrand”.

Det har, i alle fall slik eg har oppfatta det, vore ein klar tanke at gjennom Valestrandsplanen skal kommunen vere i forkant av utviklinga og sette rammer for kva som er forsvarleg ut frå dei premiss som Valestrand har. Nye innspel i ein høyringsfase gjev alltid politikarane grunnlag for justering i forhold til det dei hadde tenkt for området. Og i denne saka kan det sjølvsagt finnast gode argument for å endre byggehøgde – men då må ein forklare og kome med argument, ikkje berre vedta høgare byggehøgde utan forklaring. Særleg er dette viktig når alle faginstansar på det sterkaste rår i frå!

Eg meiner at i så store områdeplanar som dette, så skal enkeltsaker tilpasse seg planen, det er ikkje planen som skal tilpasse seg enkeltsaker.

Det som vert vedtatt no, bryt med tanken om at me som kommune skal definera og sette rammer ut frå staden og landskapet sine premiss. Eg har så langt ikkje fått forklaring på kvifor ein meiner at høgare byggehøgde nettopp her (og berre her) er bra for fellesskapet og for Valestrand, når alt peikar på det motsatte. Dei faglege råda har vore svært tydelege.

Kva er det med dette prosjektet som er viktigare enn andre sine ønskje om høgare bygg – og som ikkje får denne type behandling? Dessverre sit ein igjen med eit inntrykk av at det for Arbeiderpartiet og Framstegspartiet har vore svært viktig å rydde vei for eitt spesielt prosjekt, heilt på tampen av ein lang planprosess – koste kva det koste vil av ressursbruk i offentlig forvaltning. I staden for å legge ansvar over på eit ganske krevande og kontroversielt utviklingsprosjekt, så har fleirtalet i heradsstyret sørga for at den kostnaden er lagt på det offentlege.

I tillegg kjem at interessenten i denne saka er medlem av heradsstyret og lokal partileiar for Arbeiderpartiet. Det er heilt opplagt at det krev særlig merksemd, og særlig respekt for spelereglane. Ein politikar er ikkje enten politikar eller innbyggar. Når nokon sit i maktposisjon, så er ein meir enn berre vanlig innbyggar, alltid. Ansvaret for å handtera dette ligg i hovudsak på Arbeiderpartiet, og heradsstyret- og ikkje enkeltpersonen.

Med dét vedtaket som AP og FrP nå sikre fleirtal for, så er kommunen tilretteleggar for eit utviklingsprosjekt som etter mitt syn, ikkje kan forsvarast korkje fagleg eller etisk”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**