Venstre, Noreg og Verda

Miljø
Foto: Pixabay

Dei globale utfordringane er store – det er også vårt ansvar. Vi er borgarar i Norge, men også i verda, og verda er uroleg.
I to av dei mektigaste samarbeidslanda våre, USA og Storbritannina, er det i dag stor politisk uro, og manglande tillit til dei politiske institusjonane.
I Sverige, Polen og Ungarn veks høgrenasjonalismen. I 2014 uttalte statsministeren i Ungarn at «æraen av liberale demokrati var over», og viste blant anna til Russland, Kina, Tyrkia og India som nye inspirasjonskjelder, skriv Minda Holm i siste utgåve av Syn og Segn.
Demokratiet er skjørt. Då er ikkje løysinga å lukke seg inne, isolere seg og stengje verda ute, men å søke saman, finne globale løysingar, etablere forpliktande samarbeid, handel og samkvem. Vi er ikkje fengsla i globalisering. Vi skal vere med og forme ho. Noreg lever av handel med andre land og impulsar utanfrå.
Venstre vil jobbe for eit verdssamfunn der alle menneske deler dei same grunnleggande rettane, og der forskjellige kulturar kan leve side om side i frie samfunn. I dag er grunnleggande liberale verdiar som demokrati, menneskerettar og rettsstaten under press.
Autoritære regime og fundamentalistiske rørsler er på frammarsj. Ytringsfridomen, pressefridomen og organisasjonsfridomen er truga. Frykta for terror fører til meir kontroll og overvaking og mindre fridom for den enkelte. Venstre meiner Noreg må bidra til større respekt for menneskerettane, sterkare internasjonale institusjonar og til å legge til rette for eit meir mangfaldig sivilt samfunn.
Krig og konflikt blir ikkje løyst utan samhandling, tett og forpliktande samarbeid mellom folk og nasjonar. Sterke globale institusjonar og eit felles globalt rammeverk gir små statar som Noreg anledning til å påverke, og til beskyttelse.
Samtidig hindrar institusjonane større land i å tvinge gjennom viljen sin utan å ta omsyn til fellesskapen. FN er vår viktigaste arena i dei store internasjonale spørsmåla. NATO-medlemskapet er vår tryggleiksgaranti. EU er vår viktigaste partnar når det gjeld handel og europeisk politikk. Slik skal det også vere i framtida.

Venstre – på lag med framtida. Godt val!

Ketil Kjenseth, stortingsrepresentant Oppland,

Ingjerd Thon Hagaseth, Oddrun Hegge, Ole Aastad Bråten, Hilde Tveiten Døvre, Eivind Brenna og Knut Aastad Bråten

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**