I fylket og landet vårt er det mange rasfarlege vegar, og mange lever i frykt på grunn av dette. Store steinar og jordskred øydelegg vegane våre og set liv i fare. Klimaendringane med eit våtare og mildare klima, er ei vesentleg årsak til rasfaren. Difor må vi parallelt med tiltak for å nå klimamåla prioritere klimatilpassing. Rassikring er blant dei viktigaste tiltaka for å tilpasse oss klimaendringane.
Venstre har dei siste åra fått auka midlane til rassikring både av fylkesvegar og riksvegar i budsjettforhandlingar med regjeringa. I ny nasjonal transportplan legg Venstre, Krf og regjeringspartia opp til at det vert løyvd 24 milliardar i rassikring i åra framover. For Venstre er det viktig at rassikringsmidlar går til dei strekningane som hastar mest, og at dette ikkje er avhengig av fylkeskommunal medfinansiering.
Trass høge løyvingar vil det vere kø av viktige rassikringsprosjekt. Statens Vegvesen sine statistikkar viser at Sogn og Fjordane er fylket der det rasar mest. Venstre tok difor initiativ i fylkestinget i Sogn og Fjordane, til at fylkeskommunen i større grad må vurdere forskottering av planleggingsmidlar til rassikring. På denne måten kan vi få starta arbeidet tidlegare på ein del strekningar. Vi er glad for at resten av fylkestinget slutta seg til forslaget.
I samferdslepolitikken set Venstre tryggleik først. Rassikring handlar om trygge skulevegar for ungane våre, for pendlarar og yrkessjåførar. Venstre vil stå på for at rassikring blir prioritert i åra framover.
Gunhild Berge Stang, andrekandidat Sogn og Fjordane Venstre