Eit hav fullt av plast

Foto: Venstre

«Skal vi leve av det havet gir oss også i framtida må vi ta tak i dei enorme plastproblema,» skriv Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant fro Sogn og Fjordane Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Norge er bygd opp på ressursar frå havet. Det har vore livsgrunnlaget vårt i hundrevis av år og har gjeve oss eit fantastisk grunnlag for fiskeri og sjømatproduksjon. Om vi forvaltar kystlinja, fjordane og dei marine ressursane våre på rett måte og reduserar forsøplinga av havet, spesielt av plast, vil vi kunne sikre desse ressursane for all framtid. Vi skal leve av havet også i framtida og då må vi halde havet reint.

Vi har alle fått med oss at plast har tatt livet av kval. Studiar av torsk langt norskekysten har vist at heile 27 prosent av torsken i enkelte havområde har plast i fordøyelsessystemet. Sjøfugl er spesielt utsett, og 95 prosent av alle havhestar undersøkt i Nordsjøen har plast i magesekken. Verdifulle korallrev, frodige ålegrassenger og grøne tareskogar blir også skada. Det blir anslått at ein million sjøfugl, 100 000 marine pattedyr og eit ukjent tal fisk og virvellause dyr blir skada og drept av boss i sjøen.

Opprydding, resirkulering og betre handtering av avfall er viktig for å få løyst plastproblemet. Difor vil Venstre utvide dei eksisterande panteordningane, og innføre pant på plastemballasje som det i dag ikkje er pant på. Venstre vil òg tredoble innsatsen til opprydning av plast på strender, i fjordar og langs kysten og doble Norge sitt bidrag til det internasjonale arbeidet mot plastforsøpling. Vi har også vore med å få etablert ei returordning for fritidsbåtar.

Vi meiner prøveprosjektet «Fishing for litter» bør bli ei permanent ordning og at den bør utvidast til fleire skip og hamner. Vi meiner det også bør innførast eit strengere regelverk og høgare bøter mot marin forsøpling.

Skal vi leve av det havet gir oss også i framtida må vi ta tak i dei enorme plastproblema over heile verda. Norge med si lange kystlinje kan – og bør – gå i front.

Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**