Arbeidsplassar for framtida

Foto: Jostein Vedvik

«Skal vi sikre velferd, arbeidsplassar og miljøet må vi ta grep no. Det grøne skiftet kan bli ei positiv kraft for heile Sogn og Fjordane om vi legg til rette for det.» skriv Sveinung Rotevatn, Gunhild Berge Stang og Anne Mette Hjelle i dette innlegget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Sogn og Fjordane har alt som skal til for å lukkast i framtida. Vi har sterkt næringsliv innan fiskeri og havbruk, industri, fornybar energi, landbruk og mange andre område. I ei framtid med færre arbeidsplassar i oljenæringane ligg vegen open for at dei nye arbeidsplassane kan bli skapt i Sogn og Fjordane – om vi gjer dei rette grepa.

Difor går Venstre til val på å setje fart i arbeidet med å skape nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Vi må satse meir på hydrogen som eit miljøvenleg alternativ til diesel og bensin – og som gjev langt meir lokal verdiskaping. Vi må lage kraft av bølgjer og av vind til havs. Og vi må utnytte grunnvarme og fjordvarme.

Sogn og Fjordane har teknologibedrifter i første klasse innan skipsbygging, og maritime næringar som er rusta for vekst og meir verdiskaping på land og til havs. Vi har sterke metall-industrimiljø i Svelgen, Årdal og Høyanger med miljøvenleg produksjon som er etterspurt i verda. Vi har eit landbruk i vekst som produserer førsteklasses råvarer anten det er innan mjølk og kjøt, lokalmat eller frukt, bær og grønt. Vi har også berre sett starten på utviklinga av dei grøne datasentra – slik som Lefdal gruver i Nordfjord og Bluefjords i Sogn. Etterspurnaden frå verda etter grøne, trygge datalagringssenter kjem til å auke mykje framover.

Venstre meiner tida er inne for å sjå framover i Sogn og Fjordane. For å få fart på næringsutviklinga har Venstre fått gjennomslag for eit nytt Fornybarfond med 20 milliardar i kapital. Vi har sørga for såkornkapital og skattelette til dei som vil investere i nye bedrifter, og styrka dei sosiale rettane til sjølvstendig næringsdrivande.

I åra framover vil vi halde fram arbeidet med å styrke sjukelønsordninga og andre velferdstenester for sjølvstendig næringsdrivande. Vi vil fjerne arbeidsgjevaravgifta i inntil tre år for nye bedrifter og innføre same minstefrådrag på skatt for sjølvstendig næringsdrivande som for personlege skatteytarar.

Venstre vil også stå opp for EØS-avtalen, fordi den er svært viktig for eksportbedriftene våre.

Skal vi sikre velferd, arbeidsplassar og miljøet må vi ta grep no. Det grøne skiftet kan bli ei positiv kraft for heile Sogn og Fjordane om vi legg til rette for det. I ei tid då mange drøymer seg bakover, drøymer Venstre om ei grøn og lysande framtid for Sogn og Fjordane.

Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant Sogn og Fjordane Venstre
Gunhild Berge Stang, andrekandidat
Anne Mette Hjelle, tredjekandidat

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**