Haram Venstre vil sette driveplikt på dagsorden

Ordførarkandidat Kristian Stråmyr., Malin Storholt

Grunngjeve spørsmål til ordføraren på kommunestyremøte 31. august.

Bakgrunnen for spørsmålet er etterspurnaden etter grovfôr frå landbruksnæringa, som i dag må kjøpe gras utanfrå samstundes som det er mykje areal om stend brakk i kommunen.

I grunngjeve spørsmål 22. september 2016 spurde Haram Venstre ordføraren om innføring av praksisen til Luster kommune. Der sender kommunen ut brev til alle eigarar av jordbrukseigedommar over fem dekar som ikkje søker produksjonstilskot med spørsmål om korleis driveplikta oppfyllast. Det går fram av svaret til ordføraren at problematikken kring oppfølging av driveplikta skal kome opp som eiga sak.

Haram Venstre har sidan stilt fleire munnlege spørsmål om når denne saka kjem opp til handsaming, seinast 18. mai. Då sa ordføraren at kommunen ikkje hadde kome så langt som ynskjeleg med saka på grunn av manglande politisk og administrativ kapasitet.

Kan ordføraren garantere at denne saka kjem snarleg opp til politisk handsaming, og i så fall kva tid kan det tenkast at saka er klar?

 

Kristian Stråmyr

Kommunestyrerepresentant, Haram Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**