Breane våre smeltar

Foto: Åge Avedal

Klimaendringane i verda påverkar også oss i Sogn og Fjordane. Det såg vi når ekstremvêret i Nordfjord gjorde store øydeleggingar i Utvik og på Breim. Vi ser det langs rasutsette vegar mellom Florø og Førde, i Våtedalen, langs Kjøsnesfjorden og mange andre stadar. Og vi ser det på breane våre som trekkjer seg stadig lenger tilbake.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Nigardsbreen i Jostedalen hadde i fjor 60 000 besøkande. Den er eit av mange ynda reisemål i fylket vårt for turistar frå heile verda. Samtidig med rekordstort besøkstal var også smeltinga av Nigardsbreen rekordstor. Breen trekte seg nesten 70 meter tilbake, og gjekk mykje tilbake på sidene slik at brearmen blir smalare og mindre.

Breane har alltid vore i endring, med både framrykkingar og tilbaketrekkingar. Det spesielle no er at breen trekkjer seg svært raskt tilbake. Om 100 år kan breane i Noreg vere borte, viser enkelte scenarier. Men dette er sjølvsagt avhengig av kor stor temperaturauken blir i verda og i området vårt.

Sogn og Fjordane har ein reiselivsplan som trekkjer fram Jostedalsbreen med brearmane som ein av dei viktigaste attraksjonane i fylket, saman med fjordane. Turistnæringa kan tape stort om klimaendringane og den store nedsmeltinga av isbreane held fram. Det som likevel er mest skremmande at dette er eit teikn på kva som er i ferd med å skje i verda. Nedsmeltinga av innlandsbreane er berre småtteri samanlikna med polisane i Arktis og Antarktis.

For turistnæringa i fylket kan bresmeltinga bety færre besøkande og færre arbeidsplassar. Mange lokalsamfunn har reiseliv som ei av dei største næringane, og vil tape på dette.

Reiselivet er også ein del av klimautfordringa. Stadig fleire reiser frå Asia og Amerika for å oppleve vestlandsnaturen. Dei store turoperatørane og dei regionale reisemålsselskapa har auka satsinga på turistar frå land langt vekke. Meir satsing på kortreist reiseliv og utvikling av skip, bilar og andre framkomstmiddel som ikkje brukar fossile energikjelder kan vere med å oppfylle måla om eit meir bærekraftig reiseliv.

Klimaendringane er vår tids største utfordring, og kan endre verda fundamentalt gjennom ekstremvêr, ras, tørke, endra havstraumar og havstiging. Dette kjenner folk på kroppen allereie. Men det er ikkje for seint å snu. Gjennom ambisiøse mål om reduserte utslepp av klimagassar både i Noreg og resten av verda kan vi snu den globale oppvarminga.

Steinar Bruheim, dagleg leiar i Jostedalen breførarlag og medlem i Luster Venstre
Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**