Til deg som stemmer for første gang

- Ny teknologi gir nye muligheter for innsamling og bruk av informasjon om enkeltmennesker. Den nye loven gir et godt vern for den enkelte, sier Rotevatn.
Stortingsrepresentant og førstekandidat for Sogn og Fjordane Venstre

Då eg skulle stemme første gong, var det mange i valkampen som snakka om at eg måtte velje mellom «velferd eller skattelette», at eg måtte velje mellom «fridom eller statleg tvang» og ikkje minst at eg måtte velje mellom «blått eller raudt».

Eg tykte at både dei raude og dei blå hadde ein del gode poeng, men at dei også hadde sine negative sider. Difor landa eg på Venstre: Eit grønt sentrumsparti som er for at enkeltindividet skal ha fridom til å nå sine mål i livet, samstundes som vi bygger eit velferdssamfunn som hjelper dei som fell utanfor. Eit parti som bryr seg om naturen rundt oss, og meiner vi skal stoppe klimaendringane. Eit parti som står for internasjonalt samarbeid, og ikkje vil lukke Noreg inne bak høgre murar.

Det partiet har eg halde fram med å stemme på.

For fire år sidan nominerte Venstre sine medlemmar meg som stortingskandidat i Sogn og Fjordane. Venstre gjorde eit godt val, og som 26-åring fekk eg sjansen til å møte på Stortinget – som den yngste representanten frå fylket vårt nokon sinne.

Eg har brukt tida mi desse fire åra til å ta opp mange saker som eg er engasjert i, og mange saker som andre unge er engasjerte i: Å få ein betre skule der færre fell frå. Å få eit betre kollektivtilbod. Å kjempe for miljøet, å styrke dyrevernet, å sikre eit internett fritt for overvaking. Og ikkje minst: Å gjere det enklare å vere heiltidsstudent, gjennom dobling av talet på studentbustadar, innføring av 11 månadar studiestøtte med meir.

I år stiller eg til val igjen, og håpar at folk vil gje meg tillit til å representere fylket vårt på Stortinget også dei neste fire åra.

Ingen parti er perfekte. Men då eg skulle stemme første gong meinte eg Venstre var det beste alternativet for oss som er opptekne av eit liberalt samfunn. Det meiner eg framleis.

Eg håpar du vil vurdere gje stemma di til meg, og til Venstre. Men først og fremst håpar eg du vil bruke stemmeretten din. Det er alt for få unge som stemmer. Hugs alltid: Når du ikkje stemmer, er det andre som bestemmer.

Godt val!
Beste helsing
Sveinung Rotevatn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**