Pils & politikk: Bustadvekst i Sunnfjord

Korleis kan vi få auka bustadvekst i Sunnfjord? Kva bustader treng vi i dag – og om tjue år? Korleis legge til rette for at folk kan bu der dei vil?

Velkomen til Pils & politikk på Pikant tysdag 29. august kl. 19.30 – 21.00.

Kveldens innleiarar er:

  • Christina Kvamme, frå arkitektfirmaet Xform i Førde, som spesielt vil snakke om utvikling av gode bumiljø og det å ha bærekraft som mål ved bustadbygging.
  • Pål Anders Kårstad, frå Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, som kjenner bustadmarknaden i fylket godt og sjølv har bygd hus både i Førde og Gaular.
  • Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, som vil snakke om kvifor Eid toppar statistikken over bustadbygging for tida og om sosial bustadbygging.
  • Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Venstre, vil lytte til innspel frå innleiarar og publikum, og fortelje om korleis han og partiet vil gjere det lettare for folk å få seg bustad.
  • Konferansier er Anne Mette Hjelle, leiar i Førde Venstre og tredjekandidat på stortingslista.

Vi inviterer også publikum til å ta del i diskusjonane. På Pikant kan du kjøpe god mat og drikke. Ta med deg vener og kom. Her blir det og god stemning.

Arrangørar er Jølster Venstre, Naustdal Venstre og Førde Venstre.

 

Vel møtt!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**