God studentpolitikk er viktig for distrikta

Foto: Jostein Vedvik

“Høgare utdanning skal vere tilgjengeleg for alle. Difor er Venstres storstila satsing på studiestøtte, studentbustader og høgare utdanning viktig – kanskje særleg for ungdomane frå Sogn og Fjordane” skriv Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Det er avgjerande viktig at vi har høgskuletilbod i Sogn og Fjordane der studentar får god og praksisnær høgare utdanning i eige fylke. Det er bra for dei studentane som ynskjer å studere i heimfylket, og det er bra for studentar frå andre delar av landet som ynskjer å studere mellom fjord og fjell i Sogndal, Førde eller Florø. Og ikkje minst styrkar det kunnskapsfylket Sogn og Fjordane med kompetansearbeidsplassar og ringverknader for næringsliv og lokalsamfunn.

Dei fleste studietilbod er likevel, naturleg nok, konsentrert i dei største universitetsbyane. Venstre si satsing på studentar hindrar at bustadadressa di avgjer i kva grad du får høve til å ta høgare utdanning.

Det er nettopp ungdom frå typiske distriktsfylke som Sogn og Fjordane som mest av alt treng studentbustader i Bergen, Oslo eller Trondheim. Det er vanskeleg å sykle frå Gaular til Campus på UiB. Og det er nettopp ungdom frå typiske distriktsfylke som Sogn og Fjordane som mest av alt treng styrka studiestøtte. Det er langt heim frå ein hybel på Tøyen til sundagsmiddag hos mor og far – når saldoen er låg og heimlengten er stor.

Denne perioden har det for første gong blitt bevilga pengar til 11 månaders studiestøtte. Det har lenge vore ei kampsak for Venstre – og kom på plass som del av budsjettsemje mellom regjeringspartia, KrF og Venstre. I tillegg har vi fått på plass ei generell auke av studiestøtta.

Det er difor gledeleg når Håkon Randgaard Mikalsen, som er leiar for Studentparlamentet ved Universitet i Bergen, på spørsmål om kva parti som er best for studentane trekk fram Venstre sin innsats dei siste fire åra. Nyvald leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), Mats Johansen Beldo seier det er Venstre som har kjempa mest for studentane og vore studentane si vaktbikkje på Stortinget. Det vil vi halde fram med å vere også komande periode.

For Venstre har det alltid vore viktig å sikre at alle har tilgang til høgare utdanning, uavhengig av inntekt og bakgrunn. I åra som kjem skal Noreg gjennom store omstillingar. Vi skal gå frå å vere ein oljenasjon til å bli eit nullutsleppsamfunnet. Nøkkelen til å lukkast med denne omstillinga er kunnskap, og skal vi sikre at alle som vil får høve til å ta høgare utdanning må vi satse på studentane. Vi er avhengige av flinke studentar frå fornybarfylket Sogn og Fjordane.

Då treng vi eit parti som forstår at studentpolitikk også er distriktspolitikk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**