Full fart for gründer- og småbedrifter

Besøk hos bedrifter på Fosshaugane Campus. , Foto: Trude Risnes

“Venstre vil styrke jobbskapinga og stimulere småbedrifter og gründerar over heile landet,” skriv Terje Breivik, Stortingsrepresentant for Hordaland og Trude Risnes, femtekandidat for Sogn og Fjordane Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Det går godt for næringslivet i Sogn og Fjordane, viser ei fersk analyse frå Telemarkforsking. Det fekk vi fleire døme på då vi møtte engasjerte småbedrifter og grunderar i Sogn, tidlegare i sommar. Det gav godt innblikk i arbeidskvardagen til mindre, lokale verksemder her.

I Balestrand møtte vi grunderane og familien bak Ciderhuset og Balholm, og fekk gleda av å smake ypparleg cider som haustar godord frå ein stadig veksande og mangfaldig norsk drikkevare-bransje. Vi var også i gardsbutikken, eitt av dei siste tilskota i den mangfaldige familieverksemda. Etter at Venstre i fleire år har kjempa for at gardsbutikkar kan selje eigne drikkeprodukt med inntil 22% alkohol, blei ordninga endeleg vedteken i 2016. No kan du altså kjøpe Balholm handverkscider og fruktvin direkte frå Ciderhuset, både med og utan alkohol. Men sjølv med god utvikling og positive utsikter finst også utfordringar. Eigarane Eli Grete Høyvik og Åge Eithungjerde ga eit godt innblikk i korleis norsk drikkevarebransje treng ordningar som ivaretek cideren som eit spesifikt handverks-produkt, ikkje ei merkevare som kan brukast om kva som helst.

I Sogndal hadde vi gleda av å sjå korleis Campus Fosshaugane stadig veks, snart står eit nytt og spennande Innovasjonssenter klar. Men som dagleg leiar i Sogndal Fotball AS, Yngve Hallèn, understreka: Det er ikkje bygget som er viktig, men det vi skal skape av innhald og samspel saman med grunderar og bedrifter. Eitt av grunder-selskapa er nLink, som leverer robotikk innanfor byggebransjen, og som nyleg har fått med seg ein av verdas største verktøy-produsentar eigarsida. SGNskis er ei anna verksemd på campusen. Verksemda er no Noregs største alpine skiprodusent på den norske marknaden, med ambisjonar om å satse også i utlandet. Det er svært motiverande å høyre at den nye skatteinsentiv-ordninga for langsiktige investeringar i oppstartsselskap, som Venstre fekk gjennomslag for i juni, har bidrege til sterk investeringsinteresse. Venstres grunderpolitikk verkar!

Siste stogg var hjå Lærdal Grønt. Ei verksemd, eit frukt- og grøntmottak og bonde-samvirke som verkeleg imponerer! Her fekk vi ei svært interessant orientering om korleis lærdalsbøndene gjennom dei siste åra har teke både dyrking, organisasjon og marknadsarbeid til nye høgder. Sjølv ein stolt kar frå Hardanger må innrømme at Lærdal stilar heilt i toppen, både som morellbygd, potetbygd og på grønsaksproduksjon elles! Vi fekk også stadfesta kor viktig det er for næringa at tilskotet til frukt- og grøntmottaka blir vidareført, og at det er trong for ei viss marknadsregulering, som sikrar rimelege vilkår for norsk bær- og fruktproduksjon.

Takk til verksemdene som tok imot oss! Takk for at de utfordrar Venstre på korleis vi kan gjere grunder- og næringspolitikken enno betre, og takk for rosen for det vi har fått til! Venstre skal framleis vere grunder- og næringspartiet. Difor vil vi i komande stortingsperiode prioritere å gjere tilgangen på kapital enno betre, vi vil fjerne arbeidsgjevaravgifta for nye bedrifter og gje botnfrådrag på ti millionar eller meir i formueskatten. Dette er tiltak som vil styrke jobbskapinga og stimulere småbedrifter og grunderar over heile landet. Det treng Noreg. Slik er Venstre på lag med framtida!

Terje Breivik, 1.kandidat for Venstre i Hordaland
Trude Risnes, 5.kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**