Ein god skule for alle

Foto: Privat

“Alle born skal ha ein trygg skulekvardag. Det er eit felles ansvar for oss alle.” skriv Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Neste veke startar eit nytt skuleår. Vi skal vere stolte over at grunnskulen i mange kommunar i Sogn og Fjordane er av dei beste i landet.

Vi veit også frå elevundersøkingar og anna kartlegging at dei aller fleste born trivst på skulen. For dei fleste er skulen ein god stad å vere. Ein stad du ikkje berre lærer, men ein stad der du får med deg gode minne for livet.

Diverre gjeld ikkje det alle. Kvar dag er det born som gruar seg til å gå på skulen. Som opplever å bli mobba – og opplever at dei ikkje får hjelp for å få slutt på det. I min kommune, Eid, har det blitt avdekka fleire tilfelle av at mobbesaker ikkje har handtert slik dei skal etter lova. Det er vondt, det er uakseptabelt, og det er heilt nødvendig å få gjort noko med det. Mobbing er uakseptabelt. Vi har eit felles ansvar for å sikre alle born ein trygg, god og mobbefri skule.

Før skuleåret 2017/18 startar, samlar vi difor alle som arbeider med born i grunnskulen i Eid til ei felles opplæring i korleis vi saman skal sikre ein mobbefri skule, slik at alle vaksne i skulen veit kva dei skal gjere når mistanke om mobbing dukkar opp.

Det gjer vi sjølvsagt på bakgrunn av sakene som har blitt kjent i vår kommune den siste tida, men også fordi Stortinget i vår vedtok ei heilt ny opplæringslov med eit nytt og innskjerpa regelverk om skulemiljø. Den nye opplæringslova, som gjeld frå 1. august 2017, styrkar born og unge sine rettar og skal sørge for at mobbesaker blir handtert raskare, tryggare og enklare.

Det meste Stortinget har vedteke i den nye lova, er etter mitt syn svært fornuftig. Nulltoleranse mot mobbing blir lovfesta. Kommunane blir pålagde å skjerpe inn skulane si aktivitetsplikt i mobbesaker. Alle som arbeider på skolen skal følgje med, varsle og gripe inn overfor mobbing. Skulen skal straks undersøkje all mistanke om mobbing, og setje inn tiltak når ein elev ikkje har det trygt og godt. Skulen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei mobbesak, med tydelege, tidfesta krav til tiltak og gjennomføring. Fylkesmannen si rolle som klage- og bistandsinstans blir styrka, og det blir innført strengare sanksjonar mot skuleeigar (kommunane) når lova ikkje blir følgd.

Det einaste eg er misnøgd med i det nye regelverket, er at skulane frå no av ikkje lenger skal fatte enkeltvedtak når dei står overfor ei mobbesak. Regelen om å fatte enkeltvedtak har etter mitt syn vore viktig for å gje mobbeofferet rettstryggleik, gjennom dokumentasjonskrav, innsyn med meir. Mitt parti Venstre gjekk inn for å halde oppe kravet om enkeltvedtak, men kravet er no diverre fjerna av eit knapt fleirtal på Stortinget.

Den nye opplæringslova er uansett eit stort steg framover i kampen mot mobbing. I Eid set vi no saman med Fylkesmannen alt inn på at den nye lova skal vere kjent og forstått frå “dag 1” i det nye skuleåret. Samtidig styrkar vi no leiingsfunksjonen på den største barneskulen i Eid, Nordfjordeid skule. Vi har allereie sett inn forsterka lærarressursar i 1.-4. klasse i alle barneskulane i kommunen, og styrka skulehelsetenesta.

Alle born skal ha ein trygg skulekvardag. Det er eit felles ansvar for oss alle. Godt nytt skuleår til store og små!

Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**