Politisk debatt under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik

Torill Myren

Torsdag 17. august kl 18.00 inviterer Regionavisa og Maritimt Forum Nordvest til politisk debatt i Trebaatfestivalen sitt festivaltelt i Ulsteinvik. Hovudtema på debatten er «Næringspolitikk med vekt på verdiskaping i havrommet». Publikum vil få høve til å stille spørsmål.

Frå Venstre møter Pål Farstad, som er førstekandidat på Møre og Romsdal si liste til stortingsvalet.

Laurdag 19. august vert det også høve til å møte oss på stand i Ulsteinvik. Hareid Venstre stiller på stand saman med Ulstein Venstre denne dagen. Truleg kjem også Lena Landsverk Sande, 2. kandidat på Møre og Romsdal Venstre si liste til stortingsvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**