Politisk debatt under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik

Olbjørn Kvernberg, Amalie Birkhol, Pål Farstad og Lena Landsverk Sande., Kristian Stråmyr

Torsdag 17. august kl 18.00 inviterer Regionavisa og Maritimt Forum Nordvest til politisk debatt i Trebaatfestivalen sitt festivaltelt i Ulsteinvik. Hovudtema på debatten er «Næringspolitikk med vekt på verdiskaping i havrommet». Publikum vil få høve til å stille spørsmål.

Frå Venstre møter Pål Farstad, som er førstekandidat på Møre og Romsdal si liste til stortingsvalet.

Lena Landsverk Sande er 2. kandidat på stortingslista. Laurdag 19. august legg ho turen til Ulstein Venstre sin stand i Ulsteinvik, saman med også Hareid Venstre og kanskje fleire Venstre-vennar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**