Sogn og Fjordane Venstre håpar mange finn vegen til Sentrumsparken, og lokkar med gratis suppe frå Kafé Krydder, konkurranse og intimkonsert med musikktalentet Gunn Marit Kvåle, som skal opptre i lag med faren sin, Inge Ronny Kvåle.
Arrangørane frir spesielt til studentane, sidan det er studiestart i desse dagar. I førekant av opninga vil Venstre ha aktivitetar på Campus.
Studentar og elevar
I tillegg til musikk og mat blir det politiske appellar. Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Venstre, er ein av dei som skal halde ein appell.
– Sidan det er studiestart og skulestart vil eg nok først og fremst snakke om studentar og elevar i appellen min. Og så vil eg sjølvsagt snakke om klima og miljø og det å gjere det enklare å skape nye arbeidsplassar. Det er saker Venstre er veldig opptatt av, fortel Stortingsrepresentanten og held fram:
– Elles håpar eg mange kjem og slår av ein prat om kva dei er opptatt av. Det er viktig for meg som politikar å få mange innspel om både kva folk er fornøgd meg og kva dei vil endre på.
Gunhild Berge Stang, andrekandidat og fylkesleiar, og Anne Mette Hjelle, tredjekandidat i Sogn og Fjordane Venstre vil òg halde politiske appellar.