Eg trur på framtidsfylket

Foto: Jostein Vedvik

«Kvifor kle seg i svart kjole over regionreforma? Kvifor sørge og banne? Skal vi ikkje spare det til det som verkeleg er trist?» skriv tredjekandidat Anne Mette Hjelle.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Eg er glad i Sogn. Eg er glad i Nordfjord. Eg er glad i Sunnfjord. Fordi eg har vener og familie her. Fordi eg elskar naturen – djupe fjordar og bratte fjell. Fordi eg elskar det eg ser når eg ferdast rundt i bygdene og småbyane. Ser folk og liv.

Eg er stolt over det vi har. Stolt over næringslivet som lukkast internasjonalt, trass i at vi ikkje har direkte flyavgangar ut av landet. Brødrene Aa i Hyen har aldri lete seg hindre av det. Stolt over gardsbruka, der mange av eigarane er kreative og nytenkande for å få fleire bein å stå på framover. Stolt over tilsette i barnehagar/skular som saman med foreldra sikrar gode oppvekstvilkår til borna våre. Stolt over det turistar frå heile verda kjem nettopp hit for å oppleve. Stolt over tilsette i kommunane, som kan tilby gode servicetenester til folk som bur her. Stolt over kulturlivet som held høg standard og som gledar og inspirerer både til høgtid og kvardag. Glad for alle frivillige som lagar til festivalar og arrangement og får oss til å leve litt sterkare – særleg om sommaren.

Dette forsvinn ikkje som ein del av eit Vestlandsfylke. Kvifor skulle det det? Vi er driftige her omkring. Sogn og Fjordane vil bestå som geografiske rammer. Det som blir ein del av eit nytt Vestlandsfylke er eit forvaltningsorgan som har ansvar for våre vidaregåande skular, fylkesvegnettet og kollektivtransport. Fylkeskommunen driv også tannhelseteneste, yter hjelp og rettleiing til kommunane i planarbeid og samfunnsutvikling og legg til rette for næringsutvikling gjennom partnarskap med t.d. Innovasjon Norge.

Dette er viktige oppgåver, men det skal vi halde fram med i eit større fylke med endå fleire krefter, kompetanse og nettverk. Vil vi tape mot bergensmakta? Ja, vi taper om vi gir oss over. Vi taper om vi ikkje gjer som mange allereie gjer, trur på seg sjølv og den verdien vi skapar. Kvifor kle seg i svart kjole over regionreforma? Kvifor sørge og banne? Skal vi ikkje spare det til det som verkeleg er trist? Til det som verkeleg er store problem, krise og katastrofe?

Vi har mykje å bidra med inn i eit Vestlandsfylke, der vi finn mange i same båt som oss – med dei same verdiane. Vi skal saman bli endå meir driftige. Eg blir motlaus på vegner av oss når alt som smakar av by blir svartmåla. Også vi treng samspelet mellom by og land og Bergen har tradisjonelt vore byen vår. Men frå første dag eg flytta hit for å jobbe, har eg høyrt om den grådige byen sør for oss, som eigentleg berre vil ta alt vi har – utnytte oss. Historier om ammehjelper frå Sogn som dro til byen for å finne eit levebrød vekker såre kjensler og har vore dyrka. Historier om undertrykking og forsøk på å sluke alt vi har er dyrka. Vi var Bergenshus amt. Vi blei Nordre Bergenhus amt. Seinare blei vi Sogn og Fjordane. Det å stå på eigne bein blei eit mantra, men ingen står støtt på eigne bein over tid. Skal vi lukkast må vi stå saman med andre og sirkelen må vere vid. Slik verda er blitt, er det viktigare enn nokon gong å tenkje samarbeid, samhandling. Når ting endrar seg, må vi sjå om vi kan gjere oppgåvene våre på nye og betre måtar, ikkje berre gjere meir av det gamle.

Endring krev endring, men vi må stole på vår eiga konkurransekraft og våre eigne ressursar. Ei bra dame eg kjenner har eit motto: vitet er likt fordelt her i landet. Vi må tru på det og gjennomføre vit i praksis. Vi skal ikkje vere godtruande, men ingenting er svart/kvitt. Alle er seg sjølv nærmast, men nærmast her betyr smart samarbeid, smarte nettverk og smart læring. Trass i at vi som eige fylke har vore organisert slik at vi har kunna kjempe for våre interesser, så har vi ikkje klart å få den veksten andre har hatt og som vi treng. Det rammar oss til dels hardt når vi må prioritere vegar, skular og anna. Smått kan vere godt, men hardt i lengda.

Knut Henning Grepstad er ein bra kar som eg alltid har lytta til. Han sa det så treffande i eit intervju i Firda for ei tid tilbake: – Eg er todelt. Eg ser at vi er 110.000 innbyggarar og har lite kjøtvekt politisk. I ei nasjonalforsamling på 169 sit vi med fire representantar. Det er fordelar med å stå åleine, men også store fordelar å bli ein del av ein større region som vil ha mykje energi til å vere ei drivkraft nasjonalt og opp mot eit stadig sterkare austland. Grepstad har rett. Vi kan ikkje berre skue bakover og tru at alt blir ved det same berre vi held hardt nok fast. Vi skal bringe Nordfjord, Sunnfjord og Sogn inn i framtida gjennom eit regionalt samarbeid på Vestlandet. Det er eg viss på at vi får til.

Anne Mette Hjelle
3. kandidat Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**