Til medlemmer i Fjell Venstre
Hei!
Førstkomande måndag kjem førstekandidat Terje Breivik til regionen vår. På dagtid skal han besøka fleire bedrifter, og om ettermiddagen vil han saman med andre venstrefolk gå ein runde og banka på dører i Kolltveitområdet, for å informera om politikken vår.
Det er flott om fleire vil vera med på dørbanke-runden denne ettermiddagen. Vi startar opp kl. 17.00. Dei som er interesserte i å vera med, kan senda ei melding til lokallagsleiar Brith Ediassen på mob. 404 89 848.
Dersom du elles kan bidra med smått eller stort under valkampen, er det flott om du gir Brith ei melding også om dette.