I dag går dei fleste barn i barnehage. Det er likevel slik at ein del av dei som treng det mest ikkje nyttar seg av retten dei har til barnehageplass. For enkelte kan utgiftene til barnehageplass bli for store. Derfor vil Venstre innføre gratis barnehage for barn i familiar med låg inntekt.
Barn av innvandrarar og frå familiar med låg inntekt er dei som oftast er heime fram til skulestart. Dette kan vere uheldig for integrering og læring, og halde mange foreldre – og spesielt mødre – utanfor arbeidslivet. Gjennom barnehagen får ungane sosial trening, vener, leik og læring som er eit viktig fundament den dagen dei skal starte i skulen.
Venstre har gjennom budsjettforhandlingane med regjeringa og KrF allereie sikra at 18 000 barn i familiar med låg inntekt får gratis kjernetid på 20 timar i veka og at 33 000 har fått billegare barnehage. Dette er ein god start, men vi er langt frå i mål. Gratis barnehage for dei som treng det vil styrke likestillingspolitikken, få fleire i arbeid, styrke integreringa og redusere barnefattigdom.
Gratis barnehage for barn av låginntektsfamiliar er ein del av ei barnehagereform, som Venstre vil sette i gang dei komande åra. Lovpålagt minimumsnorm for bemanning i barnehagane og auka andel med barnefagleg kompetanse og utdanning som barnehagelærar er også del av reforma. I tillegg vil vi auke rekrutteringa av andre faggrupper med barnefagleg kompetanse og styrke vidareutdanninga for fagarbeidarar og barnehagelærarar. Dette vil gjere kvaliteten på barnehagen endå betre, og gje dei tilsette betre kompetanse om born med ulik bakgrunn.
Venstre ser barnehagen som ein viktig del av utdanningsløpet. I sommar sette vi i gang kampanjen «Alt startar i skulen», for å understreke kor viktig kunnskap og skule er for dei som ein dag skal i arbeid og styre samfunnet. Vi kunne like gjerne sagt at «Alt startar i barnehagen og skulen», då grunnlaget for kunnskap og læring blir lagt i barnehagen.
Alle barn som veks opp i Noreg bør ha like moglegheiter til å delta og lære – uavhengig av foreldra si lommebok. Starten er i barnehagen.
Av: Gunhild Berge Stang, andrekandidat til Stortinget, Sogn og Fjordane Venstre